Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Uranus

 

Linkar : Uranus sine månar  og til utforskinga

Fakta

Uranus er den 7. planeten rekna frå  sola.            
Diameter:51800km                                            
Temperatur : -218 C (gjennomsnitt)
Storleik i forhold til jorda (4x)
Masse : 8,683e25 kg
Omløp : 2869 mill. km     
Månar : 17
Årets lengde : 84 jord år
dagens lengde : 16 timar     
          
Avstand frå sola : 2,9 milliardar km


Dette bilde er tatt av hubbel-teleskopet

Om planeten

Planeten vart oppdaga av William Herschel i 1781. Uranus har fått namnet frå gresk mytologi der Uranus er sjølve himmelkvelven. 

Då planeten vart oppdaga vart det satt i gang undersøkelsar om andre hadde sett planeten før og trudd at det var ei stjerne. Voyager 2 passerte Uranus i 1986 og fann ut at den hadde mange månar rundt seg.


Bilde av Uranus sineringar

Den største månen heiter Taitania og 789km i radius og vart oppdaga av Herschel i 1787. Uranus er den 3. største av dei 9 i solsystemet. Uranus er ikkje lett å sjå med berre augo frå jorda , man må ha store teleskop får å klare å få fine og bra bildar av den.
Planetens akse er heilt spesiell i høve til andre planetar. Den har ein vinkel på heile 97,9 grader frå vertikalplanet. Planeten ligger  nesten heilt over på sida. 

Den bruker 17 timar og 14 minutt på å rotere om sin eigen akse og brukar 81,01 år på ei runde rundt sola. I løpet av desse åra peiker polane både mot å vekk frå sola. Det gir årstider, men på grunn av den kraftige hellinga får planeten heilt spesielle årstider. Kvar pol har solskinn i 42 år i strekk og 42 år med mørke tid. 

Uranus er oppbygd av ei lita kjerne med stein omgitt av eit lag med vatn, ammoniakk og metan. Atmosfæren består av hydrogen å litt helium og metan. Planeten sin kjerne produserar lite eller ingen varme. Dette betyr at planeten ikkje trekkjer seg saman. 

Uranus har færrast overflatetrekk av alle planetane vi veit om. Det har blitt oppdaga små skyer som beviser at planeten har overflatevindar opp til 300 km/t. Planeten har et magnetfelt med same styrke som jordas. Magnetismen oppstår omtrent 10 000km frå planetens kjerne, sannsynlegvis av elektriske straumar i den tjukke kappen av vatn og ammoniakk.

Uranus har 11 ringar. Dei fleste er smale og ser ut til å vere laga av store steinblokkar. Dei er veldig mørke, og er nokon av dei mørkaste i solsystemet. Uranus var den første planeten etter Saturn det vart  oppdaga ringar på, og oppdaginga var difor viktig. Ein  forstod med dette at ringar er eit vanleg fenomen i solsystemet.

Linkar : Uranus sine månar 

Uranus sidene er laga av : Jørund Aklestad, Anja Hurlen og Marius Nordang.