Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

                         Meir om Saturn                Tilbake

 Saturn
Saturn er den sjette planeten frå sola. Saturn var faren til Jupiter. Saturn varer i 10 timar og 14 minutt. Året derimot mykje lenger enn på jorda, eit år på Saturn er nesten like langt som 30 år på jorda. Saturn er laga av dei same gassane som Jupiter. (Hydrogen, Helium, Ammoniakk og Metan) 

Temperaturen liknar også mykje på temperaturane til Jupiter. Det er kaldast heilt yst, 180 kuldegradar, og varmare inn mot midten. Saturn er ein veldig lett planet sjølv om den er kjempestor. Den er så lett at den ville flyte i vatn dersom det var mogeleg.

Ringane til Saturn
Det som vi ofte tenker på når vi snakkar om Saturn, er dei flotte ringane. Også Jupiter, Uranus og Neptun har ringar, men dei er nok ikkje så å fine som Saturn sine ringar. Saturn sine ringar kan du sjå gjennom teleskop. Ringane til Saturn er laga av stein og is. 

Det fins tusenvis av smale ringar rundt Saturn, men for oss ser det ut som breie ringar. I opningane mellom ringane finnast det mange månar. Vi kjenner til 18 månar som har fått namn. Men det finns fleire. 

Den største og mest kjende månen til Saturn er Titan. Titan er den som er mest interessant fordi at det er mogeleg at det fins liv der. Dei andre månane er stort sett berre klumpar av is eller stein, mens Titan liknar litt på Jorda slik den var for lenge sidan. 

Saturn er den nest største planeten i solsystemet.  Berre Jupiter er større. Saturn er lys og sterkare enn dei fleste stjernene, og er lett å sjå frå jorda.

Ringane karakteriserar planeten Saturn og vart første gong oppdaga av Galileo Galilei i 1610.

Lenge trudde ein at det berre var denne planeten som hadde ringar. Men dei har no funne ut at Jupiter og andre planetar også har ringar.