Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Månane til Neptun

Månar  Distanse  Radius       Masse       Oppdaga av

År

Naiad

48000Km

29Km 

  ?     Voyager 2

1989

Thalassa 50000Km 40Km ? Voyager 2 1989
Despina

53000Km

  74Km    ?   Voyager 2 1989
Galatea 62000Km   79Km    ? Voyager 2     1989
Larissa  74000Km  96Km ?  Voyager 2   1989
Proteus  118000Km 209Km  ?  Voyager 2  1989

Triton  

355000Km 1350Km  2.14e22 Lassell 1846
Nereid 5509000Km    170Km  ? Kuiper   1949

Nereid

Omløp: 5,513,400 Km frå Neptun Diameter: 340 Km

Nereid var ei havnymfe, ein av dei 50 døttrane til Nereus og Doris.

Nereid har den mest eksentriske banen av alle planetane og månane i solsystemet. Avstanden til Neptun varierar mellom 1353600 og 9623700 Km.

Nereids underlege bane tyder på at denne månen kan være ein innfanga asteroide eller eit objekt frå Kuiper Belte.

Nereid

             Triton
Omløp: 354,760 Km frå Neptun
Diameter: 2700 Km

I gresk mytologi var Triton ein havgud, sonav Poseidon (Neptun). Han blir vanlegvis avbilda som ein slags mannleg havfrue; eit menneske med fiskehale.

Det er kun eit romfartøy som har besøkt Triton, det er romsonden Voyager 2 den 25. august 1989. Nesten alt vi veit om Neptun stammar frå dette.

Triton

Tritons bane er retrograd, det vil sei at den går “baklengs”. Den er den einaste av dei store månane som er retrograd. Triton kan ikkje ha blitt danna i gass skya der Sola og resten av planetane i solsystemet oppstod. 

Den må ha blitt til på ein annan stad. Kanskje i Kuiper-beltet, for seinare å bli fanga av Neptun,  kanskje i  kollisjon med ein annan Neptun - måne. Denne teorien vil forklare Tritons bane, og den vil forklare den merkelege banen til Nereid.

Tritons tettleik er litt større enn for Saturns ismånar (f.eks. Rhea). Triton består truleg av omtrent 25% vatn, med restar av steinmateriale.

Tritons atmosfære blei oppdaga av Voyager 2, men den er svært tynn. Atmosfæretrykket er ca. 0.01 millibar. Den består stort sett av nitrogen med ein liten andel metan.  

Tilbake