Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Pluto

Fakta

Diameter
: 2400 Km
Masse: 1,27e22 Kg
Storleik i forhold til jorda: 0,18x
Omløp: 5900 mill. km (39,5 AU) frå sola
Temperatur: Mellom 35 og 45 K
Månar: Ein (Charon)
Årets lengde: 248 Jord-år
Dagens lengde: 6 Jord-dagar 9 timar.

Pluto: oppdaga i 1930.

Pluto

Den yste av dei kjende planetane i vårt solsystem er Pluto. Den er den aller minste og kaldaste av dei ni planetane. 

Pluto er guden over dødsriket i gresk mytologi. I gresk mytologi heitte denne guden Hades. Han fikk sannsynlegvis namnet sitt på grunn av at han ligg så langt frå sola difor er han i evig mørke.

For å vere ein planet har Pluto ein uvanleg bane. Vegen rundt sola er så langstrakt, eller elliptisk, at den fører den innanfor Neptuns bane i 20 av dei 248 åra ein runde tek. 

Pluto var innanfor Neptun fram til 1999. Andre planetar avviker nokre få gradar mens Pluto avviker med 17 gradar. Pluto er ein planet til tross for den rare banen . Den er for stor til å vere ein komet eller ein asteroide.

Charon, månen til Pluto:
Avstand mellom Pluto og Charon: 19 640 km.
Roterings vinkel: 57,5 grader frå vertikallinja. Månen til Pluto er halvparten så stor som Pluto. Dei blir sett på som dobbelplanetar. 

Charon

Dei er så nære kvarandre at tyngdekrafta frå den eine gir  tidevassbølgjer på den andre. Akkurat som månen gir flo og fjøre på jorda. Rotasjonen blir dempa av bølgjene for begge to.

Dei er låst fast i forhold til kvarandre: Den same staden på månen vender alltid mot den same staden på Pluto. Derfor ville ein som stod på Pluto aldri sjå Charon flytte på seg. Pluto har ein tynn atmosfære.

Atmosfæren er stort sett ukjent men den består truleg av nitrogen med innslag av karbonmonoksid og metan. Den er så forferdeleg tynn, overflatetrykket er berre nokre få mikrobar. 

På overflata fer det og fast metan. På Charon er tyngdekrafta så liten at metan slepp unna lett. Den er dekka av eit tynt lag av rim og vatn. Overflatetempraturen (ikkje godt kjent) ligg mellom -228 til -238 gradar (35 og 45 K). 

Forskarar har klart å kartleggje lyse og mørke områder på Pluto og Charon. Ved å observere dei mens dei kryssar kvarandre. Begge har mørke flekkar som truleg er gamle lavasletter. Både Pluto og Charon er tettare enn gasskjempane. Dei er også tettare enn dei isdekte månane til Uranus og Neptun. 

Det betyr at dei må innehalde mineralar. Dei har sannsynlegvis store iskjerner dekka ev ein iskappe.Den tynne atmosfæren utviklast når Pluto er nærast sola i bana si. Pluto er den einaste planeten som aldri har våre besøkt av ein romsonde, og er dirfor den planeten vi veit aller minst om.

Sida er laga av Vegard Tvergrov,Eline Hjellen,Charlotte Kvistad og Kristian Standal