Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Neptun

Fakta:            
Avstand frå sola: 4500 mill.
Storleik: 495628 km i diameter
.
Masse: 17 gongar så stor som jorda.
Tyngdekraft: 1,1 (jorda =1).
Rotasjonstid: 16 timar.
Omløpstid: 165 år.


Neptuns månar
Bilete av månane 

Neptun-moerkflekk

 Neptun: Oppdaga i 1846, er representert ved gudanes trefork.

Neptun er den fjerde største planeten i diameter og den åttande planeten frå sola. Neptun er meir massiv enn Uranus, men mindre i diameter. Neptun har fått namnet etter den  romerske halvguden, den greske Poseidon. Neptun er blå. Neptun kan ikkje sjåast frå jorda fordi at den er for lyssvak. 

Neptun klarer på 16 timar og 7 minutt å rotere rundt sin eigen akse. Aksen heller 29,6 gradar. Det er berre litt meir enn aksen til jorda. Avstanden frå sola til Neptun er i gjennomsnitt 4497 millionar kilometer. Neptun brukar 164,8 år på ein runde rundt sola. 

Neptun er lik Uranus på mange måtar. I tillegg til at dei er nesten like store, er oppbygningen veldig lik. Begge har ein kjerne av stein som er dekka av eit enormt hav av varmt vatn og gassar (ammoniakk og metan). Atmosfæren er for de meste hydrogen, med litt helium og metan. 

Neptuns blå farge kjem av at det raude i sollyset absorberast av metan i dei øvre atmosfærelaga. I likskap med Jupiter og Saturn har Neptun ein indre varmekilde - den utstrålar dobbelt så mykje energi som den mottek frå Sola.

Neptun har fleire overflatetrekk enn Uranus, sjølv om overflata her også er veldig glatt. Neptun har to mørke flekkar, ein stor og ein liten, som er stormsentra. Den store mørke flekken er på storleik med jorda. 

Magnetfeltet på Neptun er lik det på Uranus og orientert på ein merkeleg måte. Det kjem sannsynlegvis av ein rørsle i eit ledande materiale (vatn sannsynlegvis)  i dei midtarste laga av planeten.

Neptuns ringar: 
Diffuse:
41900 km lang og 15 km brei.   
Inner:
53200 km lang og 15 km brei.
Plateau:
53200 km lang og 5800 km brei. 
Main:
62930 km lang og 50 km brei. 

Neptuns ringar

Den har to breie, og to smale ringar. Ringane er laga av bitte små partiklar som på nokon plassar klumpa seg saman. Neptuns ringar er svært mørke same som Uranus og Jupiter.    

Neptuns ringar      

Sida er laga av Vegard Tvergrov,Eline Hjellen,Charlotte Kvistad & Kristian Standal