Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

 Jupiter 

 

Fakta:

Diameter:142700 km
Masse:1,900e27 kg
Omløp frå sola:778 mill. km
Temperatur:-120 C på overflata
Måner:16
Årets lengde:11,9 jordår
Dagens lengde:9 timar og 50 minutt
Den er 11 gongar større enn jorda

Litt om Jupiter:
Jupiter er den femte planeten frå sola. Jupiter har ein masse på 318 gongar jorda si masse.
Den er den største planeten i solsystemet. Jupiter er så stor at det er plass til 1500 jordklotar i den.

Sidan Jupiter er den største planeten i solsystemet ,er den derfor oppkallt etter den største og mektigaste guden Jupiter. Han var gudenes konge. På Jupiter er det sterke vindar ,nokre av stormane har blåst i fleire 100 år. Den eine stormen har vore sett frå jorda i 300 år. Den er større enn jorda og kallast "Den raude flekken".

Jupiter har 16 månar. Dei fire største heiter: Io, Europa, Callisto, Ganymedes.
Les meir her
Forskjellige sondar har besøkt Jupiter og månane.
Les meir her
Jupiters indre:
Når vi ser på Jupiter  ser vi bare det ytre laget av den tjukke atmosfæren til  Jupiter .
I sentrum på planeten er det ein steinkjerne. Utan for den stein kjernen er det  40 000 km  tjukt hydrogen lag .

Det atmosfæriske presset på dette laget er så kraftig at  hydrogenatoma mister sine
elektron. Då dannar det seg i staden  eit område med flytande metallisk hydrogen. Alle partiklar og elektron flyttar seg fritt omkring  uavhengig av kvarandre.

Utanfor dette laget er det 20 000 kilometer djupt hydrogenlag igjen. Det yttarste laget av dette er det ca. 1000 kilometer djupt. Det er utsida av det yttarste laget av Jupiter som vi ser.


Den store raude flekken :
Den store raude flekken er eit stort fenomen på planetens overflate.
Den forandrar storleik, nokon gongar har den ein lengde på 40 000 kilometer og ein diameter på over 3 gongar jordas diameter. Den har vert oppservert sidan den blei oppdaga av Cassini i 1665.

                                                               
Den raude flekken                                                                       Jupiter sin ring


Jupiter sine ringar:
Voyager 1 oppdaga att Jupiter har eit ringsystem. Dei er nesten umogeleg å sjå frå jorda, sjølv med det  sterkaste teleskop. 

Ringsystemet består av to delar, ein indre som er 5000 km brei, og ein  ytre som er smalare men  lysare,  og berre  500 km brei. Ringane er berre ca. 800 meter tjukke, og er samansatt av små partiklar som krinsar rundt Jupiter omtrent kvar sjette time. Ringane når 50 000 km utafor Jupiters atmosfære.

Bilete:

          

                                         

 

Sidene om Jupiter er konstruert og designa av Kåre Molvær, Jorun Elin Kvistad, Henning Vatne Svoren og Terje Holen.