|
|
||
| Hovudside
|
Fakta
om romstasjonen: Den nye internasjonale romstasjonen Alpha (ISS) vart skoten opp 1998. Romstasjonen er 108,6 meter brei og med ei lengde på 79.9 meter. Den har eit volum på 1200 kbm. Dette svarar til storleiken av fem store villaer, vekta er 456,6tonn. I romstasjonen er det plass til maks 7 personar. Prisen på stasjonen er ca. 400 milliardar norske kroner. Romstasjonen går no i ei bane som er 407 km over jordas overflate, den bruker 90 min. rundt jorda |
Dette bilete viser korleis romstasjonen vil sjå ut i år 2002. |
| Historie: Den internasjonale romstasjonen er som eit enormt byggjesett. Romstasjonen er så stor at ingen romskip klarar å løfte den, så den må settast saman bit for bit i rommet. ISS skal vere ferdig i 2004, då skal 45 moduler ha blitt til romstasjonen. Romstasjonen kallast for den internasjonale romstasjonen fordi det er mange land med på den.
|
Dette er bilete av korleis boligmodulen vart bygd. |
|
| Dei
som er med: USA, Russland, Canada, Brasil, Japan og den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA), der også Norge er med, er deltakarar i prosjektet. Det er inga lett oppgåve og få på plass 45 store modular, ein modul kan vere opptil 4 m brei, 10 meter lang, og 20 tonn tung. Heldigvis har dei god hjelp av ein robot oppe i romstasjonen. |
|
|
| Oppbygginga
av romstasjonen: Romstasjonen krev mange romferder, så mange som 28 romferjer fram til 2002, skal dreie seg om bygginga av romstasjonen. Russarane skal skyte opp 41 romfartøy til romstasjonen. Livbåten:
|
||
| Problem
med solcellevingane: Romferja Endeavour var på ein elleve dagar lang tur til romstasjonen. Oppdraget var å sette på plass dei store solcellepanela på romstasjonen. Dette førte til store problem. Ein av dei store solcellevingane ville ikkje brette seg ut. To astronautar måtte tre turar ut i rommet for å montere det. |
Ein astronaut arbeider med solcellepanela |
|
| Det
første vaktskifte: I mars 2001 skjedde det første vaktskifte. Etter nesten to dagars ferd gjennom verdsrommet møtte Discovery romstasjonen Alpha tidlig ein laurdag morgon Tre av dei som var ombord på Discovery vart ikkje med tilbake. Den russiske astronauten Juri Usatsjov, og dei to amerikanske astronautane, Susan Helms og James Voss, blei verande på romstasjonen i fire månader. Dei erstatta to russiske og ein amerikansk astronaut, som tok det første skiftet på romstasjonen.
|
' Dette bilete er av det mannskapet som er oppe i romstasjonen våren 2001. |
|