Hubble


Hovudside

Cassini

Romstasjonen

Near

Hubble

 

Hubble Space Telescope (HST)

Hubble Space Telescope er eit gigantisk teleskop som går i bane rundt jorda i ei fart på 10 km/s.
Hubble Teleskopet er oppkalla etter Edwind Hubble som levde frå 1889 til 1953.
Han var ein Amerikansk astronom mest kjent for utforsking av galaksar.

Teleskopet vart plassert i ein bane 600km over jorda, av mannskapet på romferja Discovery, den 25 April 1990. 

Men det vart oppdaga ein feil. Hubble teleskopet var "nærsynt".Mannskapet på romferja Discovery satt difor på ei stor linse fremst på teleskopet, det vart ein suksess. Nå er teleskopet fiksa, og tek fantastiske bilete.


Her er HST i bane rundt jorda og tek bilete
Kva kan ein sjå med Hubble teleskopet?

Hubble teleskopet har sett to supernovaer som eksploderer samtidig og slynger materie mot kvarandre i ei enorm fart. I galaksen NGC 6946, som ligg 17 millionar lysår frå oss, ligg dei to stjernene. 

Stjernene har eksplodert omtrent samtidig og svære skyer av materie kolliderer med kvarandre mellom stjernene. Dermed oppstår eit voldsomt "fyrverkeri" blant stjernene, noko astronomar aldri før har sett.

 

Slik vert stjerner til.

I ein tett gass sky som kalles NGC 2264 har teleskopets infraraude kamera bekrefta ein vanleg teori for korleis stjerner oppstår. 

Astronomar har lenge meint at stjerner vert til ved at ein gass-sky blir pressa saman, av partiklar som strøymer ut frå ein annan nærliggjande stjerne. 

No visar eit bilete tatt av HST, at dette faktisk skjer. Ein brøkdel av eit lysår frå ei ung stjerne er seks mykje mindre og svakare stjerner i ferd med å verte til.   

Svarte hol.

Svarte hol har alltid vore vanskeleg å bevise, men romteleskopet har tatt fleire bilete av svarte hol (som reknast som temmelige sikre.) I galaksen M84 har den målt farta til gass og stjerner som bevegar rundt galaksens kjerne. 

Resultata er oppsiktsvekkande. 26 lysår frå galaksekjernen  bevegar stjerner seg med heile 400 km i sekundet. 

Denne farta kan astronomane bruke til å berekne kor stort det svarte holet i kjerna er. Vekta viser seg å tilsvare vekta av 300 milliona stjerner av same type som vår sol.


Her er ein galakse far far away



Den kvite stjerna er nettopp oppdaga 

Svart hol bilete tatt av HST
Dette er eit bevis på at det finst svarte hol

Bilete på nettet

Heilt sida HST vart oppskoten i april 1990 er det stadig gjort oppdagelser. Med ein gong HST tek bilete legg Nasa dei ut på Internett.  


Laga av:  Marius Riise

og: Andreas Haddal