|
Cassini |
||
|
|
![]() ![]() |
|
|
Giovanni Domenico Cassini Giovanni Domenico Cassini, var ein astronom. Han vart fødd i Perinaldo (Nice, Italia) den 8. juni 1625. Han døydde i Paris 14. september 1712. Cassini var hovudsakleg ein observatør. Det var han som rekna ut rotasjonstida til Jupiter og Venus.
Kva er Cassini? Cassini er ei romsonde på seks tonn, og er to etasjar høg. Cassini er resultatet av eit samarbeid mellom NASA og ESA. Målet er å utforske Saturn-systemet, med fartøyet Cassini i bane rundt Saturn. Sonden Huygens, som er festa til Cassini, skal sleppast ned i Titan sin atmosfære og utforske den. Cassini vart skoten opp 15. oktober 1997 med ein Titan IV/Centaur-rakett.
Oppdraget Cassini skal bestemme den tredimensjonale strukturen til Saturn sine ringar, studere atmosfæren og månane til Saturn. Sonden Hygens skal studere skyane og overflata til Titan. Før den kjem fram til Saturn, den 1 juli 2004, skal Cassini først få gravitiasjonell hjelp ved å passere Venus to gongar, Jorda ein gong og Jupiter ein gong (ein såkalla "VVEJGA"-bane).
Resten av fartøyet vil overfør data til Jorda. Etter dette vil Cassini studere resten av Saturn-systemet i tre og eit halvt år. Kva har Cassini gjort?10/15/97 - oppskyting, Titan IV/Centaur. 07/01/04 - kjem til Saturn. Miljøaktivistar i Amerika oppfordra til ein internasjonal folkerørsle mot Cassini si runding av vår atmosfære, berre 500km frå jordas overflate. Dette skjedde 18. august 1999. Det verste som kunne skje ved ein teknisk feil eller unøyaktig manøver, var at sonden kom bort i vår atmosfære. Den ville då brenne opp og plutoniumet kondensere til fint støv, som kunne komme ned kvar som helst på jorda.. Laga av: Anne Mette Standal, Marita Elin Trandal og Lovise Agnethe Mo. |
Her er Cassini. I bakgrunnen er Jupiter, Saturn og atmosfæresonda Huygens. |
|