Tinn

Hovudside
Tinn
Sølv
Magnesium
Uran
Kvikksølv
Gull
Jern
Aluminium
Litium

 


 

Kjemisk symbol: Sn
Atomnummer:    50
Densitet: 5,75g/kbcm  (grått)
7,31g/kbcm  (kvitt)

Smeltepunkt:   232 grader C
Kokepunkt:       2270 grader C
Pris:                  Tinn er litt dyrt

Tinn er mjukt, lett å strekke, og kan brukast til å lage foliar.
Tinn verte lite påverka av luft og vatn, og er og motstandsdyktig mot syrer og organiske løysningsmiddel. Tinn vert rekna som ikkje giftig.

Tinn er eit sølvkvitt glinsande tungmetall. Når tinn kjem i kontakt  med oksygen i lufta dannar det seg ei tynn gjennomsiktig hinne utanpå, slik at det held seg blankt.

Ein finn tinn i mange land, spesielt i land med dårleg klima, i urskogar og ved gjørmete elvebreidder. Tinn fins i Storbritannia, Nord-Irland, Indonesia, Thailand, Malaysia, Burma, Bolivia, Transvaal, Kina, Nigeria, Zaire, og sist men ikkje minst, 4000-5000m oppe i Andesfjella der det er kulde, tynn luft og evig tørke.

Tinn vert utvinna ved gruvedrift. Skal du ha spesielt reint tinn må du etterpå bruke elektrolyse.  Tinn vert brukt til fortinning av jern og stålblekk, koppar og andre metall. Tinn vert og nytta til framstilling av kvitblekk, tubar, tinnskålar, fat  og tallerkenar.

                                               Kristin Riise