|
Kvikksølv
|
||
|
Hovudside
|
Kjemiske eigenskapar. Kjemisk Symbol : Hg Elektron : 80, fordelt i skal : 2,8,18,32,18,2 Smeltepunkt : -38,87 grader C Kokepunkt : 356,58 grader C Tettleik (ved 20 grader C) : 13,546 g/cm3 Kvikksølv er dyrt, sidan ein nesten aldri finn det i rein form i naturen. |
|
|
Kvikksølv er eit 1 og 2 verdig sølvkvitt
metall, og det einaste flytande metall i verda funne til no. Det vart
først funne i ca. år 1500 f.kr. i egyptiske graver. Kvikksølv blir
sjeldan funne reint i naturen, difor blir svovel (sinober) hovudkjelda.
Det blir framstilt ved at svovel blir
oppvarma til damp og så kondensert. P.g.a. eigenskapane sine blir kvikksølv mykje brukt i kjemiske og fysiske instrument, f.eks.: termometer, barometer, luftpumper, el.kontaktar, osv.... Kvikksølv kan ein lage legeringar av med alle metall, unntatt jern og platina! Desse legeringane kallar vi amalgam. Tinnamalgam f.eks. blei mykje brukt tidlegare som speilbelegg, og kadmium og koparamalgam, blir framleis brukt som plomberingar i tennene. Kvikksølv blir også brukt som medisin (kvikksølvsalvar) mot hudsjukdomar som eksem, skabb, o.l. Kvikksølvdampen kan gi varige skadar i hjernen, sjølv i ørsmå mengder, den er altså giftig. Det er difor viktig at skulle ein knuse eit kvikksølvtermometer så må ein fjerne alt, og deretter strø finfordelt svovel eller sinkpulver over. Desse stoffa reagerer med kvikksølv. |
||