Rutebåt på Kalneset
Biletet er teke på ein søndags ettermiddag, då rutebåten Rauma
var på veg innover Hjørundfjorden. Kvar søndag klokka 17.00, gjekk
Rauma frå Bjørke, og i vekene klokka 05.30. Rauma tok med seg folk og
mjølk til Sunnmøre meieri i Ålesund.
Rauma slutta å gå på 1960-talet. Grunnen til dette var at det kom
veg i frå Viddal til Bjørke, og i tillegg ferje og buss.
I bakgrunnen kan du sjå Kalneset. Dei som budde der, måtte ro kyrne
over fjorden til Finnessida når dei skulle på sommarbeite. Og den
einaste måten folk kunne kome seg i frå Kalneset, var med
robåt til Finnes og deretter vidare med Rauma.
(Fotograf: Truleg Jakob Finnes, rundt 1950)
The ferry at "Kalneset".
The ferry was named "Rauma".
The boat had milk and passengers onboard, when it went to the dairy in
Ålesund. In the 1960's the boat stopped going, because a
road was built and buses started to go instead.
Ein Fährschiff am Kalneset im
Hjørundfjord. Das Fährschiff hiess "Rauma".
Es fuhr mit Milch und Passagieren nach Ålesund. In den 60-er Jahren
wurde die Route eingestellt.
|