Høgtid                                       

Brudepar frå Arnegarden
På biletet ser du Ingeborg Tvergrov og Ole Andreas Rekkedal Tvergrov. Dei gifta seg i 1892.
Bruda Ingeborg, er pynta på godt, gammalt vis, men brudgommen Ole Andreas har dress med berre den øvste jakkeknappen knept.
I bakgrunnen ser vi Arnegarden på Tvergrova. Det var Ole Andreas som eigde halvparten av garden. Den bestod av to stovehus, eitt stabbur, ei løde og eitt vedhus.
Ole Andreas døydde tidleg, han gjekk bort i 1925. Enkja Ingeborg tok då over garden.
(Fotograf: Truleg Berte Barstad, 1892)

Bride and bridegroom at the Arnefarm.
Ingeborg Tvergrov and Ole Andreas Rekkedal Tvergrov got married in 1892.
In the background you can see the Arnefarm at Tvergrova. It was Ole Andreas who owned the farm.

Auf dem Bild sehen wir ein Brautpaar. Ingeborg Tvergrov und Ole Andreas Rekkedal Tvergrov heirateten im Jahre 1892. Die Braut ist auf gut alte Weise geschmückt. Aber der Bräutigam hat einen gewöhnlichen Anzug.