Arbeid                                      

På slåtteteigen på Tvergrova
Dette bilete er teke på eit av tuna på Tvergrova. På den tida var det ikkje berre graset rundt tuna som vart slått, det var også vanleg å fare opp i skogen for å slå det vesle graset som var der. Dette graset blei så frakta nedatt med hest og vogn/slede.
På biletet ser du både gamle og unge i arbeid med slåtten.
F.v. Johan Holen, Tore Tvergrov, Otto Tvergrov, Else Holen, Jenny O. Tvergrov, Karen Tvergrov og Ragnhild Tvergrov Holen.
Vi ser at somme er berre på besøk utifrå kleda dei har på seg.
(Eigar: Oddbjørg Tvergrov, truleg 1937)

This picture is taken on one of the farms in Tvergrova.
Some of the people in the picture are visitors. You can see that in the way they are dressed.

Heuernte auf Tvergrova
Das Foto wurde auf einem Hof in Tvergrova gemacht. Einige von den Personen auf diesem Foto sin nur auf Besuch. Das kann man von der Kleidung sehen.