Klar til avgang
Rutebåten, truleg "Møringen", er klar til avgang. På kaia ser ein at det
framleis var hest og kjerre som dominerte på landevegane.
"Pålen" med den kvite "kula" på er den
første bensinpumpa. Lastebilen heilt til venstre er truleg
Kvistad Auto sin. Rutebåten frakta mjølk,post og folk i heile
fjorden. Rutebåten byrja ferda si på Bjørke i 6-tida om morgonen.
Han var innom alle bygder i fjorden og henta mjølk, og leverte post.
Han kom til Sæbøkaia ca. klokka 8 om morgonen. 3 timar brukte han
frå Sæbø til Ålesund. Klokka 4 fór han frå Ålesund og la til
kai ved Sæbø i 7-tida. Ikkje før i halv 11 tida var båten framme
ved Bjørke. (Foto: Morten Vefall, i 1949)
In the picture you can see the local
steamer that picked up milk, cattle and people for transportation to
the city. The ship also delivered mail to the farms. The ship started
from
Bjørke at 6 a.m. and arrived in Sæbø at 8 am. It used 3 hours from
Sæbø to Ålesund. The boat left the dairy quai in Ålesund at 4 pm.
and arrived in Sæbø at 7 p.m. About half past 10 it dropped anchor at
Bjørke, and was finished for the day.
Am Sæbø Kai ist der Dampfer klar
zum Abfahren. Der Dampfer fuhr regelmässig jeden Tag von Ålesund nach
Hjørundfjord. Er nahm sowohl Passagiere als Vieh mit.
|