|
|
|
|
Barnehagen!
Vi bestemte oss for å ta føre oss Sæbø
Barnehage. Vi vart godt mottekne, og barna var glade for litt
besøk, og det var stor stas å bli teken bilde
av.
I barnehagen er det omtrent 17 barn tilsaman. Då vi
var der, var ca. halvparten tilstades, men nokon var på
tur.
Vi har intervjua både ein barnehageassistent, og ein
del barn.
|
 |
|
Intervju
med ein barnehageassistent!
Kva heiter du?
Svar: Eg heiter Jorunn Myklebust.
Korleis
fann du ut at du ville bli barnehageassistent?
Svar: Det var ein spennande jobb, og eg har alltid
arbeidd med barn. Eg har arbeidd med barn sidan eg var 16
år.
|

Bendik
og Fredrik i sandkassa |
|
Når
fann du det ut?
Svar: Då eg var 16 år.
Har
du jobba nokon annan plass før?
Svar: Ja, eg har jobba mange plassar før. b.l.a
i Volda barnehage, Ørsta barnehage og Førde
barnehage.
|
Kor
lenge har du arbeidd her?
Svar:
Eg har arbeidd her i barnehagen i 10 år.
Kva
ville du arbeidd som viss du ikkje var det du er no?
Svar: Ja, det har eg lurt på sjølv. Kanskje
kokk? Men då måtte eg vore mykje inne, og eg likar
å vere ute.
|
Kor
mange barn er det her til saman?
Svar: Det er 17 born her.
|
Kva
er aldersgruppa her?
Svar: Aldersgruppa er ca 3-6 år. |
|
Er
det flest gutar eller jenter her?
Svar: Det er nesten like mange kvar.
Har
du barn sjølv i barnehagen?
Svar: Nei, det har eg ikkje.
Kva
er arbeidstida di?
Svar: Den er: 07.00 - 15.00
eller 08.30 - 16.30
|
 |
|
Kor
lenge er barnehagen open?
Svar: Den er open frå 07.00 - 16.30
Må
du ha noko spesiell utdanning for å jobbe her?
Svar: Ikkje som assistent, men som førskulelærar
må ein vel ha litt..
|
Kvifor
ville du bli barnehageassistent?
Svar: Spennande yrke. Ingen dagar er like, og eg likar å
arbeide med barn. |
|
Er
du nøgd med lønna di?
Svar: Ja, alle vil vel ha meir løn, men det
har blitt betre no.
Har
du andre jobbbar utanom?
Svar: Nei eg har ingen jobb utanom, eg har fast jobb her.
Er
det kommunal eller privat barnehage?
Svar: Barnehagen er kommunal.
|

Jorunn saman med nokre av barna. |
|
[les meir]
|
|
|