Arbeidsplassar lokalt
Prosjektarbeid i samfunnsfag 8. klasse

Prosjektframside  
Gruppe 1: Expert
Gruppe 2 : Gard
Gruppe 3: Cometsport
og Bellingen
Gruppe 4: Kaihuset
Gruppe 5: Hjørundfjord-
heimen
Gruppe 6: Barnehagen
 
Til hovudsida Sæbø skule

 

 

 

 
Intervju med ein tilsett, sjukepleiar

Namn: Eldrid Øye
Alder: 52 år

1) Kva heiter jobben din, og kva er arbeidsoppgåvene dine?
Svar: Eg er avdelingssjukepleiar. Ein stor del av arbeidet mitt går ut på å administrere personalet og å sørgje for at det er nok folk på jobb. Elles har eg eit overoppsyn over at pasientane har det så bra som dei skal, og bør.

Det er eg som kontaktar dokteren viss det trengst og eg har også eit overordna ansvar over dei andre sjukepleiarane. (Passar på at dei gjer det dei skal.)

2) Kven er arbeidsgjevaren din?
Svar: Ørsta kommune.

3) Har du tariffavtale?
Svar: Ja, det har eg.

4) Kva rettigheiter har du dersom du blir sjuk, må ha fri eller liknande?

Svar: Dei rettigheitene som står i tariffavtala: full løn eit år - med sjukmelding frå doktor. Full løn inntil tre dagar, fire gongar i året - utan sjukmelding. Velferdspermisjon: ti dagar i året viss eg har sjuke born under tolv år eller 20 dagar viss eg er einsleg mor. Eg kan også søke fri opptil fem dagar for å gå i gravferd eller vere heime med alvorleg sjuke.

5) Kor lang oppseiingstid har du?
Svar: tre månader.

6) Kva er timelønna di? Meiner du at sjuke/ hjelpepleiarar burde fått høgare løn?
Svar: Eg har ca 120 kr i timen og synest eigentleg det er nok.

7) Kvifor valde du å bli sjukepleiar?
Svar: Eg rekna med at eg ville like slikt arbeid. Først var eg hjelpepleiar, men ville lære meir om medisin og sjukdomar, så eg vart heller sjukepleiar.

8) Kva utdanning har du? Og kor lenge har du studert?
Svar: Hjelpepleiar, husøkonom, sjukepleiar og eg har gått administrasjonsutdanning. Eg har gått 9-10 år på skule etter at eg var ferdig med ungdomsskulen.

9) Korleis opplever du arbeidet? Er det krevjande?
Svar: Passeleg. Det må vere litt krevjande viss det skal vere interessant.

10) Har du arbeida på Hjørundfjordheimen lenge?
Svar: Ja, i ti år.

11) Kva arbeidstid har du?
Svar: Vanleg kontorarbeidstid: kvart over sju om morgonen til halv fire/ halv fem.

12) Korleis er arbeidsmiljøet her?
Svar: Veldig bra. Dei fleste synest det er kjekt å jobbe her.

13) Kan du nemne nokre positive og nokre negative sider ved arbeidet?
Svar: Positivt: veldig varierande og veldig sosialt.
Negativt: må stå opp alt for tidleg (lite variert arbeidstid).


Tilbake

 

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 19.05.03