|
Vi
byrja med å spørje om han likte seg her. Jakob
svara han at han likar seg svært godt her. Han bur i
ei dobbelleilegheit saman med kona si. Han synest det er kjekt
at han får bu saman med henne. Det er flott utsikt over
sjøen og fjorden, og eg kan nesten sjå heilt
heim der eg budde før, seier han.
Så
spør vi om han tykkjer miljøet her er bra. Han
tykkjer miljøet her er så godt som det kan verte,
men det er mange her som er eldre enn han, og har meir problem
med å høyre og snakke. Det er sjølvsagt
leitt, svarar han.
Vi
lurte på om han hadde blitt kjend med nokon nye personar
sidan han kom hit. Men då seier han at han kjende dei
fleste frå før, og at det berre var nokre få
han ikkje kjende att.
Kva
brukar de å gjere på om dagane og har dykk felles
samlestunder og liknande? Jakob fortel at dei har fire måltid
dagleg, her er også terapi og ei arbeidsstove. Kvar
14. dag er her også ei songgruppe frå Røde
kors. Bondalskvintetten er her stundom og syng for oss. Kvar
torsdag er presten her og held andakt. Elles gå vi av
og til turar ute. Jakob synest at dagane her på heimen
går fort.
Må
dykk tidleg opp om morgonen, kva tid får dykk mat og
kva tid legg de dykk, spør vi.
Eg brukar å stå opp ca. 07.15 om morgonen, då
byrjar eg å kle på meg, noko som kan ta ei tid
sidan eg har sjukdomen parkinson, fortel han oss. Så
har vi frukost kl. 09.00, middag kl. 12.15, kl. 16.30 er det
kaffi, så har vi kveldsmat
kl. 18.50. Når vi legg oss må vi ta omsyn til
skifta på vaktene. Eg brukar å leggje meg rundt
19.30, men det er ganske valfritt kva tid vi må gå
til sengs, seier han.
Vi
spør om han ofte får besøk av familie
og slektningar. Han fortel at han har gifte born som kjem
og besøker han og kona. Eg har ei dotter som bur her
i nærleiken som ofte kjem innom til oss, men av og til
kjem det og andre slektningar, som bur litt lenger vekk på
besøk.
Kva
tykkjer du er det kjekkaste å gjere her på heimen,
lurer vi på. Då fortel han oss at han held på
med noko skrivearbeid for Hjørundfjord sogelag. Det
er vel det kjekkast eg gjer på her, seier han.
Kva
synest du om servicen og hjelpe- og sjukepleiarane her på
Hjørundfjordheimen, spør vi.
Han svarar at det er god service og veldig kjekke hjelpe-
og sjukepleiarar her. Eg likar meg godt her, seier han.
Det
siste vi spør Jakob om før vi takkar for intervjuet,
er om vi kan få ta eit bilete av han.
Ja, det kan de, sjølv om eg ikkje er så mykje
å ta bilete av, legg han til og smiler.
Tilbake
|