Arbeidsplassar lokalt
Prosjektarbeid i samfunnsfag 8. klasse

Prosjektframside  
Gruppe 1: Expert
Gruppe 2 : Gard
Gruppe 3: Cometsport
og Bellingen
Gruppe 4: Kaihuset
Gruppe 5: Hjørundfjord-
heimen
Gruppe 6: Barnehagen
 
Til hovudsida Sæbø skule

 

 

 

 

Intervju med driftsleiar:
Knut Åmås

Vi ville intervjue driftsleiaren for Hjørundfjordheimen, Knut Åmås (50).
Dette intervjuet vart gjort 20. Mars 2003.

 

Det første vi spurde Knut Åmås om, var kva driftsleiar-stillinga innebar. Då fekk vi dette svaret: Den inneber at eg har ansvar for drifta av Hjørundfjordheimen, det er også medrekna heimesjuketenesta i Hjørundfjord. Eg har og ansvar for økonomien her på heimen, pasientinntak og kven som får arbeide her.
Kven er arbeidsgjevaren din, spurte vi. Ørsta kommune er arbeidsgjevaren min, svara han.

Kva utdanning har du, og kor lenge har du studert? spurte vi. Knut seier at han har sjukepleiarutdanning, eit år diakonutdanning, ½ år med administrasjonsutdanning, ½ år sosialpedagogikk og to år med distriktshøgskule.
Det neste vi lurte på var kor lenge han hadde arbeidd her,
han svarer at han ikkje har hatt denne stillinga heile tida medan han har vore på Hjørundfjordheimen, men denne stillinga har han hatt i omlag 4 ½ år.

På spørsmålet om han har tariffavtale, svarar han ja. Den vert berre gjort ved lokale forhandlingar, legg han til.
Vi lurte på kva arbeidstid han har. Han arbeider 37 ½ time i veka og arbeidstida per dag er frå kl. 7:30 til kl. 15:15.
Det førre spørsmålet bring oss inn på det neste, om kva han får i lønn, og om han er nøgd med den. Eg får 174 kroner timen i brutto. Det er han nøgd med etter at han fekk lønnspålegg i januar.

Er arbeidet krevjande? Han tykkjer det er det, fordi det er både uforutsigbart og allsidig.

Då vi ba han om å nemne nokre positive og negative sider av arbeidet, sa han: - Det positive er at eg har dyktige medarbeidarar som er ansvarsbeviste, og at vi, som oftast, har takknemmelege brukarar. Det negative må vere at vi ikkje alltid har mogelegheit til å gi plass til dei som treng det, fordi vi ikkje har fleire rom. Anna som er negativt er at vi har tronge økonomiske rammer.

På spørsmålet om kva andre arbeidsplassar det er på Hjørundfjordheimen, ramsar han opp ei ganske lang liste: her er stilling for sekretær, sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, heimehjelp, reingjeringsassistent, kokk og kjøkkenassistentar. Her er og stilling for aktivitør, fysioterapeut, pleieassistent og vaktmeister, legg han til.
Då kom vi inn på spørsmålet om dei som arbeider på Hjørundfjordheimen er organiserte: ja, alle sjuke og hjelpepleiarane er organiserte.
Då spør vi kva fagforeininga heiter. Han svarar: Det er forskjellige fagforeiningar, men sjuke og hjelpepleiarane på Hjørundfjordheimen er organiserte i NSF (Norsk Sjukepleiar Forbund), NHS (Norsk Helse og Sosial forbund), KFO (Kommunenes Felles Organisasjon), NKF (Norsk Kommune Forbund), og DNDF (Det Norske Diakon Forbund).

Vi spurte om kor mange som jobbar på Hjørundfjordheimen. Det er omlag 60 stk, inkludert dei som jobbar deltidsarbeid.
Kor mange pasientar er det plass til på heimen?
Knut svarer at i år har 40 pasientar, men der er eigentleg berre plass til 38. Dersom ein inkluderer dei som bur i omsorgsbustadane har vi 45, legg han til.
Dei i omsorgsbustadane leiger husværa av kommunen, men dei gjer avtalar med Hjørundfjordheimen om bl.a. matlevering.

Kva kostar ein plass på Hjørundfjordheimen, lurte vi på. Då fortel han at det er ulike kostnader på langtids og korttids opphald. Ein korttidsplass kostar 118 kroner i døgnet, men ein langtidsplass avhenger av inntektene/pensjonen til kvar enkel pasient. Vi trekkjer omlag 70-80 % av pensjonen. Men då inkluderer det alt dei treng av mat og medisin. Det dei får i restpensjon er rundt 2000 kroner.

Det siste spørsmålet vi stilte Knut Åmås var dette:
Kva er visjonen for Hjørundfjordheimen?
Han svara at det dei vil oppnå er å kunne gi eit godt butilbod i aldersavdelinga, med tilsyn, hjelp og omsorg til dei som treng dette på grunn av vanskelege butilhøve og/eller utryggleik i heimesituasjonen. Vi ynskjer også å gi sterkt pleietrengande som ikkje kan bu heime, god sjukepleie, medisinsk behandling, rehabilitering, omsorg og aktivisering i sjukeheimsavdelinga. Vi vil og gi god medisinsk behandling, pleie og omsorg ved livets slutt.
Vi vil klare å ha tilbod om korttidsopphald for medisinsk behandling og sjukpleie.
Det gjeld særleg: -utgreiing og observasjon
-etterbehandling etter sjukehusopphald og rehabilitering
-avlastningsopphald med døgntilsyn.

Vi vil oppnå at den enkelte brukar vert møtt med respekt og er aktivt med i vurderinga av hjelpebehovet slik at ulike hjelpetiltak, behandling og aktivisering vert utført i samsvar med individuelle behov.
Vi ynskjer i tillegg å gi heimehjelp og heimesjukepleie etter behov til heimebuande i regionen.
For personale ynskjer vi at arbeidstakarane har ein trygg og god arbeidsplass med god fysisk og psykisk arbeidsmiljø.
Då vi lurte på kva dei gjer for å oppnå dette, svara han:
Vi rekrutterer kvalifiserte og dyktige arbeidarar og vi prøver å organisere arbeidet på ein god måte.


Tilbake

 

 

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 19.05.03