Arbeidsplassar lokalt
Prosjektarbeid i samfunnsfag 8. klasse

Prosjektframside  
Gruppe 1: Expert
Gruppe 2 : Gard
Gruppe 3: Cometsport
og Bellingen
Gruppe 4: Kaihuset
Gruppe 5: Hjørundfjord-
heimen
Gruppe 6: Barnehagen
 
Til hovudsida Sæbø skule

 

 

 

 

Inervju med Tove Eivindsen

- Kor lenge har du jobba her?
Eg har jobba på kaihuset i 3½ år.

- Når begynte du å jobbe på kaihuset?
1. september i 1999

- Korleis blei du ungdomsleiar?
Eg begynte som aktivitetsleiar, men så slutta ungdomsleiaren som var før meg. Så eg greip sjansen å søkte på jobben og fekk den.

- Kva driv du med når du jobbar, kva går jobben din ut på?
Jobben min går ut på å sørge for at folk er på jobb og betale rekningar og søke pengar. Ungdomsleiaren jobbar ikkje berre på kaihuset. Andre kan spørje meg etter pengar.

- Tykkjer du å jobbe på kaihuset er gøy?
Veeeeeldig gøy! Likar å jobbe med ungdom.

- Kor mange "vaksne" jobbar på kaihuset?
4 stk. Eg (Tove), Nils Endre, Håkon, Arild, men på fredagar er Anders her også.

-Er du med på å arrangere UKM?
Ja, eg er med på det, men berre i Ørsta.

- Kva kan ein gjere på kaihuset?
Henge, internettkafeen, slarve, biljard, airhockey, fussball, PL2, filmklubben, øve, lydstudio, video verkstad, avisa (kairamba), animasjonsverkstaden, IT gruppa, skatehallen. Vi prøva å finne på det meste.

- Kor lenge varer arbeidsdagen din?
Det er veldig forskjellig for kvar dag.10/11 på morgonen til 7/10 på kvelden. Fredag er eg på kaihuset til klokka er 01.00
- Om ein har spørsmål skal ein komme til deg da?
Ja, spør tante Tove. * ler *

- Er det slitsamt på jobben din? Masse mas?
Ikkje slitsamt, men gøy. Men dagane er lange.

- Trivs du godt?
Ja, men eg skal jo flytte til Molde =(

- Kva utdanning har du innen jobben her?
Eg har gått media på vidaregåande, kulturarbeid i Høgskulen i Bø i Telemark, og eit år i Franklin Indiana, folkloristikk. Eg fekk jobben , men fortsette å studere medan eg jobba.

- Kan du fortelje litt om kaihuset?

Kaihuset opna 12 november 1999. Det gjekk faktisk ganske fort å opne Kaihuset, ørsta er jo ikkje akkurat kjent for å vere raske,ler Tove. Dette blei bestemt innan eit år. Den første dagen Kaihuset opna var det heilt stappa fullt. Det var faktisk 100 stk som ikkje kom inn. Det var ein dag ein ALDRI kan gløyme=)

- Har du nokon fordelar ved å jobbe på kaihuset?

Ja, er kjendis! ler Tove. Det skjer ofte når eg går på butikken at folk kjem å spør:"Er det du som er undomsleiar?" eller " Tove? du som jobbar på Kaihuset?" det er dei mest spurde spørsmåla. Eg kan vere med på UKM utan å betale. Eg kan gå på kino gratis, men har jo aldri tid =( Og sjølvsagtg det å jobbe med ungdom. Det er kjempe kjekt, å lage konsertar.

- Kven er arbeidsgjevaren din?

Det er Ørsta Komune, men nærmaste sjef er Jostein O. Mo.

Tilbake


 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 19.05.03