Arbeidsplassar lokalt
Prosjektarbeid i samfunnsfag 8. klasse

Prosjektframside  
Gruppe 1: Expert
Gruppe 2 : Gard
Gruppe 3: Cometsport
og Bellingen
Gruppe 4: Kaihuset
Gruppe 5: Hjørundfjord-
heimen
Gruppe 6: Barnehagen
 
Til hovudsida Sæbø skule

 

 

 

  Intervju med Nils Endre Øverland [aktivitesleiar på KaiHuset]

Vi møtte Nils Endre 20. mars på KaiHuset. Vi slo oss ned ved eit bord inne i KaiHuset, der tv3 sto på med Simpsons.=) I baren jobba crewet.

- Kor lenge har du arbeid på kaihuset?
Eh…Eg byrja 1. august, 2002. Eg har vel sånn cirka jobba her.. vent litt.. Eit heilt svangerskap.. hehe.., ler Nils Endre og smiler.

- Kvifor byrja du?
Eg har jobba med liknande ting før. Eg tykkjer det er kjekt å arbeide med ungdom. Pluss at det er ekstra pengar utanom studiane...

- Er det slitsamt å arbeida der?[Masse mas..?!?!]
Nei, eller det er i alle fall ikkje slitsomt å arbeide med ungdom, men av og til kan det bli lange dagar når eg først er på skulen og så kjem hit. Altså 12 timar!! Og når det er døgnope.

-Kan du fortelje noko om kaihuset [Historia]?
Eh…det blei vanskeleg.. Gode historier? Nei , det må eg tenkje litt på…, grublar Nils Endre.

-Tykkjer du at du får god nok lønn?
Ja, den er god. Har ikkje noko i mot den, nei! =)

-Du kjem frå Oslo, kvifor kom du hit?
Eg kjem IKKJE frå Oslo!!! Eg kjem frå Sande i Vestfold. Det er noko heilt anna. Eg er frå ein liten gard akkurat som deg =) Eg drog eigentleg til Volda for å studere på lærarskulen, seier Øverland frustrert.

- Kva går arbeidet ditt ut på?
Det er å stå for det daglege gjeremåla her på huset, ansvar for ungdommen som er her. Både for dei som jobbar her (crew) og dei som er berre for å henge ute med vener. Pluss at eg har ansvar for IT- gruppa.

- Er det gode arbeidsforhold her?
Ja, det er det. Trivelege kollegaer. ;), smiler Nils Endre.

- Kven er arbeidsgivaren din?
Det er Ørsta Kommune eller Skule og oppvekst,

- Har du noko utdanning innan jobben her?
Eg har lærar utdanning. Og der har eg lært litt om pedagogikk (Psykologi), også har eg tidlegare jobba med ungdom. Men eigentleg er det ikkje særleg lurt å ha ei utdanning her, for ungdommen er her berre for å henge ute med vener! Viss det hadde vore psykologar her ville det nok vore litt for intenst for dei som berre skal henge ut…

- Har du noko rettar, eller fordelar ved å jobbe her, forutan lønn?
Eh..nei…eigentleg ikkje, eller eg får gratis kaffi, men ikkje noko meir eg kan tenkje på…eg får jobbe med ungdom og det er vel ein stor nok fordel.

Tilbake

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 19.05.03