Arbeidsplassar lokalt
Prosjektarbeid i samfunnsfag 8. klasse

Prosjektframside  
Gruppe 1: Expert
Gruppe 2 : Gard
Gruppe 3: Cometsport
og Bellingen
Gruppe 4: Kaihuset
Gruppe 5: Hjørundfjord-
heimen
Gruppe 6: Barnehagen
 
Til hovudsida Sæbø skule

 

 

 

 

Arbeidsplass: Expert

Intervju med arbeidarane i reparasjonsavdelinga.

SPØRSMÅL:

1: Arbeider du åleine som reparatør eller er det fleire her?

Nei, eg arbeider ikkje åleine som reparatør, det er fire andre som jobbar her også.

2. Er det noko risiko for fysisk skade?

Ja, det er alltid risiko for skade, men den er ikkje noko særleg stor.

3. Er du medlem i ei fagforening? Hvis du er det, kva heiter den?

Eg er ikkje medlem i noko fagforening, og eg trur ikkje nokon andre her er det heller.

4. Kva utdanning måtte du ha for å få denne jobben?

Eg hadde ingen spesiell utdanning når eg begynte som reparatør, eg var interessert i elektriske ting og vart sjølvlært.

5. Kva arbeidsoppgåver har du?

Arbeidsoppgåvene mine går ut på å reparere datamaskiner, telefonar, og elektriske ting som lampar, vaskemaskiner, og videospelarar.

6. Kva gjorde at du byrja på denne jobben, og har du muligheiter for andre jobbar?

Eg fekk spørsmål om å byrje på denne jobben, og eg var interessert i elektriske ting og takka ja til tilbodet, og ja, eg har mulegheiter for andre jobbar, eg brukte faktisk å vere sjømann.

7. Kven er arbeidsgjevaren din?

Arbeidsgjevaren min er Odd Magne Vinjevoll

8. Kva er det tyngste arbeidet innan reparasjon?

Det tyngste arbeidet innan reparasjon må være å løfte og bære varene inn og ut av lokalet.

9. Har du tenkt å fortsette i framtida?

Ja, eg har tenkt å fortsette i framtida, og håper på å få fortsette i framtida.

10. Korleis er arbeidsforholda her?

Eg synest arbeidsforholda her er topp. Veldig bra.

11. Kor lenge har butikken/reparasjonsplassen vore her?

Eg trur den har vore her i omtrent fire år.

Tilbake  
   
 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 19.05.03