Miljølære
Sæbøfjøra
Registreringar h - 02
Registreringar h - 01

 

 
Sæbøfjøra

Sæbø ligg ved Hjørundfjorden og det er difor naturleg for skulen å bruke fjøra i undervisninga. Alt i 1993 gjorde vi dei første systematiske registreringane i fjøra. Den gong var dette ein del av kystprogrammet.

Seinare har vasspermen blitt utvikla, og dei siste siste fire åra har vi brukt registreringsskjema frå denne permen. Alt vi har registrert har vi lagt inn i vasspermen sin database ved Universitet i Bergen.

I naturfag i 8. klasse har vi lagt vekt på å lære om planter og dyr i saltvatn. I tillegg har vi registrert søppel i og ved sjøen.

Vi har delt Sæbøvika i 6 område med ei lengde på 500m. Ei gruppe av elevar har så fått ansvar for sitt område. Elevane har hatt med seg registreringskjema, handbøker, luper og bøtter. Vi set av to timar til registreringa ute i fjøra.

I tillegg til å registrere, har elevane nokre år samla inn eksemplar av plantar og dyr og tatt det med tilbake til naturfagrommet. Der har dei så laga ei lita utstilling.

Etterpå har elevane laga rapportar frå fjøra. Desse har dei laga som nettsider. Siste oppgåve har vore å registrere alle opplysningane i databasen.

Når ein skal ut i fjøra er det viktig å planlegge godt. Sjølvsagt er det ein føremon med fint ver, men det viktigaste er at det er fjøre sjø.


Sæbøvika, Sæbø og Bondalen
 

Kart over Sæbøvika
 

8. klassingar i fjøra

Får å finne ut dette kan ein bruke tidevasstabellen. Nedafor har eg sett opp link til tidevasstabellen og link til vassprogrammet. Eg har og laga ein link til alle registreringane Sæbø skule har gjort i fjøra og i Lisjeelva. I linkane i venstremargen finn du elevrapportane.

Vassprogrammet
Sæbø skule sine registreringar
Tidevasstabellen

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05