Den
13. september drog 8. klasse ut for å
registrere søppel, algar og dyr
i Sæbøfjøra.
Dette har etterkvart blitt eit fast innslag
i naturfagundervisninga i 8. klasse.
Kvar
gruppe får tildelt ein 500m lang
strekning langs fjøra, og oppgåva
er å finne så mange algar
og dyr som mogeleg, og å lære
namna på dei. I tillegg registrerer
dei alle typar søppel dei kan finne
og skal prøve å skilje mellom
søppel kasta frå land, og
søppel drevet i land.
Lett
duskregn tok ikkje motet frå nokon.
Gruppene leita, fann, samla i bøtter
og registrerte. Etterkvart letta veret,
og etter 2t. samla vi alle gruppene for
å gå gjennom alt dei hadde
samla saman. Elevane hadde vore grundige
og funne eksemplar av alle algetypar det
var råd å finne utan å
fylle støvlane med vatn, skjønt
det var nokon som vassa for langt.....
Utan
mat duger helten ikkje, så høgdepunktet
var nok matserveringa tilslutt. I naustet
til Martinus hadde Heidi, med hjelp frå
Martinus, koka 5 pk. blomkålsuppe
og blanda saft. Varm suppe smakte godt,
og tru det eller ei, nesten all suppa
vart spist opp.
På desse sidene kan du lese rapportar
frå dagen i fjøra, og i databasen
kan du finne registreringane av søppel,
dyr og algar.
Flash
laga av Ivar Nordang, ansvarleg for sidene
Johs. Halland