Rapport frå gruppe 4                                                     Tilbake
Gruppe 4 bestod av: Håvard, Åse-Lill og Monica. Vi hadde eit område på 500 m.
Området var frå sjukeheimen til badestranda
. Vi hadde meg oss ei stor bøtte, blyant, skjema, oppslagsbok og godt humør.

Vi gjekk langs området og leita etter  smådyr og tang. Det var spesielt ein plass på området der det var masse søppel og griseri. Det var ved reinseanlegget og ved Bellingen. Der var det metall , glas , oljegris , plast , papp og anna. 

Her fiska vi opp fingertare attmed kaia til Rødhette.

Etter at vi hadde fiska opp tang og tare,  fanga vi smådyr. Vi samla det vi fann på naturfagrommet, sorterte det, laga utstilling og sette på namn.

Etterpå kom ei klasse frå Ålesund og 2. og 3. klasse, og såg på utstillingane. Vi hadde og ei Berggylte som Håvard fanga. Den vart veldig populær. Vi hadde og ei krabbe som rømte vekk frå behaldaren. Tanglusa var og populære.

Vi fann: 

Fingertare, sagtang, grisetang, rekeklo, martaum, blæretang, spiraltang, tarmgrønske.

Av dyr fann vi: Blåskjel, olbogeskjel, krabbe, tanglopper, tanglus, brennmaneter, glasmanet, posthornmark (avføring), rur, mosdyr.
Vi fann også ei berggylte.

Naturfagrommet
Laga av Håvard, Åse-Lill og Monica.