Rapport frå gruppe 3                                                Tilbake
Marthe, Andreas og Kristoffer skulle ut i fjøra 12. September og leite etter tang og sjødyr.

Vi hadde med oss:

  • 2 bøtter
  • lupe
  • skjema
  • et hefte med bilde av tang og dyr
  • ei bok.

Området vårt var frå Hustadbrua til Sjukeheimen

Vi studerar sjøstjerna
Vi gjekk ned om Hustadbrua og byrja og leite, der var det mykje sauetang.
Under steinane låg det mykje tanglus og lopper, dei tok vi med oss. Vi tok og med strandkrabber, dei kneip hardt.

Vi skreiv det vi fann på skjema, og hadde tanga opp i ei bøtte. Lus, lopper og krabber hadde vi i ei anna bøtte.
Når vi gjekk bak om hotellet fann vi sjøstjerne , vi klarte å fiske den opp med ein pinne. Vi såg ei svær krabbe, men den for før vi fekk fiska den opp.
Inne på klasseromet.:

Da vi kom inn på naturfagrommet, la vi det vi fann ned på bordet og byrja å sortere. Vi la algane på ark og skreiv namn på arket.
Etter ei stund kom dei minste elevane for å sjå på og nokre frå Ålesund.
Vi viste dei dyra og plantene.


Vi fann:

Inne på naturfagrommet

 Algar:                  

  • Blæretang            
  • Grisetang
  • Tarmgrønske
  • Sauetang
  • Sagtang
  • Rekeklo
  • Martaum
  • Grøndusk
  • Skolmetang

Dyr:

  • Blåskjel
  • Albogeskjel
  • Strandsnigel
  • Tanglopper og lus
  • Strandkrabbe
  • Sjøstjerner
  • Posthornmark