|
Utstyrsliste:
To forstørrelsesglass, to plastbøtter, kvit plastboks,
håv, stereolupe, glasskåler, pipette, lupe, sugesprøyte,
sugerør, insektbok, plastduk med smådyr og internettutskrift.
Gruppemedlemmar: Elling, Annelinn, Sunniva og Kristoffer.
|
|
Kva vi gjorde:
Vi
starta på skulen der Johs orienterte oss om kva utstyr vi
skulle ha med og kva vi skulle bruke det til. Vi fekk vite gruppene
og tok med oss utsyret,bl.a. ein håv, to bøtter, forstørrelsesglass
og eit uhyggelig ver, og la i veg til Lisjeelva.
I Lisjeelva viste
Johs oss kva område vi fekk tildelt. Det tok ikkje lange stunda
før vi var våte, men
det brydde vi oss lite om.
|

Her er vi ute i
elva |
| Vi
fann ein plass med fin sandbotn og byrja å sparke opp elvebotnen.
Elling og Sunniva sparka opp sanden slik at smådyra skulle kome
inn i håven som var vendt mot straumen, medan Annelinn heldt
håven. Kristoffer var allereie langt vekke for å finne
bedtre plassar å leite etter smådyr. Vi sparka medan vi
flytta oss mot straumen. Då det hadde gått eit minutt
tømde vi innhaldet av håven ned i ei av bøttene
som var halvfull med vatn. |
|
Vi kunne ikkje
fatte og begripe at det kunne vere nokon dyr ned i bøttene,
men seinare skulle vi få sjå noko anna. Vi fortsette
prossesen med sparking av sand i håv heilt til vi hadde gått
det arealet vi hadde fått tildelt frå ende til annan.
I løpet av denne tida hadde vi fått fylt begge bøttene
og Kristoffer hadde leita seg opp att.
Då fekk
vi beskjed om at vi skulle inn att, og vi begynte å gå
tilbake til skulen.
|
 |
|
Vel tilbake
på skulen, gjennomvåte og litt i tvil om vi kom til
å finne nokon dyr, sette vi oss ned og gjorde klart alle glasskålene
våra og alle dei andre reiskapane våra. Medan Johs snakka
byrja smådyr å flyte opp til overflatene på bøttene,
og det viste seg å vere eit yrande dyreliv. Først tømde
vi litt av innhaldet i bøttene ned i ei kvit plastboks. Dei
dyra vi fann la vi ned i dei små glasskålene. Deretter
tok vi dei fram på stereolupa på kateteret og fekk sjå
dei i forstørra versjon. Då kunne vi lettare finne
ut kva dyr det var.
Vi fann namnet
på dyra ved å sjå på ein stor plastduk framme
på kateteret som hadde bilete av slik dyra såg ut og
namnet på dei. Etter kvart som vi fann kva type dyr dei enkelte
var, la vi glasskålene med dyra oppi, på kvite ark og
skreiv som overskrift namna på dei.
|
|
Vi førte
inn kva dyr vi fann inn i eit skjema ig kryssa av om dei var sjeldne,vanlege
eller dominerande.
Resultatet av dei dyra vi fann ser du her:
Fåbørstemakk:
vanleg
Marflo:Vanleg
Edderkopp:vanleg
Døgnflugenymfe:sjeldan
Mygg:vanleg
Døgnfluge:dominerande
Taglmark:dominerande
Vannløparlarve:sjeldan
Bille:vanleg
Vårflugelarve:bominerande
Virvellarve:sjeldan
|

Her er ein haug
med vårflugelarvar |
|