|
Utstyrsliste:
2 luper, bøtte, håv, stereolupe, glass-skåler,
pipette, sugesprøyte, sugerør, isboks, innsektbok,
plastduk med smådyr.
Gruppemedlem:
Linda, Kathrine, Torstein og Magnus.
Først satt vi inne på naturfagrommet. Der delte læraren,
Johs, oss inn i grupper. Så fortalte han oss kva vi skulle
ha med oss og kva vi skulle gjere.
|
 |
| Vi
skulle til Lisjeelva og leite etter smådyr. Det var ein dag
tidleg i september og det regna. Vi tok med oss ein håv, 2 luper
og ei bøtte. Johs fordelte gruppene på ulike stadar i
Lisjeelva. Då vi fekk vete kva plass vi skulle vere på,
starta vi å leite etter smådyr! |
|
Før vi
gjekk, forklarte Johs framgangsmåten; Ein av oss skulle sparke
ned i botnen av elva i ca. eitt minutt, og ein annan skulle halde
håven ned i elva framom. Slik skulle smådyra kome opp,
følgje straumen og bli sittande att i håven saman med
sand og steinar. Så fyllte ein annan bøtta halvt opp
med vatn og satte håven ned i, slik at dyra skulle kome opp
i bøtta. Dette gjorde vi mange gangar. Og vi bytta på
å utføre dei forskjellige oppgåvene.
Så ropa
Johs og sa at vi skulle gå tilbake til skulen, inn på
naturfagromet.
|
|
Inne på
naturfagromet skulle vi finne namn på alle dei rare dyra vi
hadde funne.
Vi brukte ei sugesprøyte til å fange opp dyra i. Så
slapp vi dei ned i ei glass-skål og gjekk fram til stereolupa
og såg dei på nært hald. Det var rart! Der telte
vi kor mange føtter, ledd, osv. dei hadde. Deretter kunne
vi leite dei opp i ei insektbok eller ein plastduk med mange insekt
og insektnamn på. Men vi trengte litt hjelp av læraren.
|
 |
|
Alle dei forskjellege
dyra vi fann, skulle vi ha i glass-skåler, og skrive kva dei
heitte på eit papir under. (Sjå biletet.)
Vi fekk også eit skjema der vi skulle fylle ut kva dyra heitte,
og om dei var "skjeldne, vanlege eller dominerande". Vi
fann tilsaman 13 forskjellige smådyr.
Dyra vi fann:
|
|
Midd
Knott
Vasslauparlarve
Døgnflugelarve
Bille
Igle
Pelmato hydra oligactis
Virvellarve
Teglmark
Marflo
Fårbørstemark
Pinnedyr
Snigel
|
Vanleg
Sjeldan
Vanleg
Dominerande
Vanleg
Sjeldan
Sjeldan
Vanleg
Dominerande
Vanleg
Vanleg
Vanleg
Sjeldan
|
 |
|