| Utstyrsliste:
Lupe, bøtte, håv, isboks, stereolupe, glasskåler,
pipette, sprøyter, sugerør, plastduk med smådyr
på, bok, internett-utskrift. |

Her er vi inne
å forberedar oss til vi skal gå ut. |
|
Kva vi gjorde:
Vi begynte på skulen med å gå gjennom kva vi skulle
gjere og korleis vi skulle gjere det. Kvar gruppe fekk utdelt: bøtte,
håv og lupe. Deretter gjekk vi bort i Lisjeelva og begynte
å leite etter dyr. Ein på gruppa heldt håven medan
ein anna sparka i botnen i elva, slik at det kom opp mykje groms
og dyr som flaut inn i håven. Vi fylte bøtta halvfull
med elvevatn og skylte håven oppi slik at alt gromset og dyra
kom ned i bøtta.
|

Her leita vi etter
dyr ned i elva. |
Etter
at vi hadde vore i elva ei stund gjekk vi tilbake til skulen der vi
skulle begynne å studere dyra som vi hadde funne. Vi tømde
vatn oppi i glasskåler og blanda det med litt av elvevatnet.
Etterkvart såg vi at det var mange smådyr nedi der. Vi
"plukka" opp dyra med sprøyter og pipette og leita
på plastduken, i bøkene og på internett-utskrifta
heilt til vi fann ut kva dyra heitte. Vi såg på dei i
stereo-lupa der dei blei veldig store.
Til saman fann vi ti forskjellege sortar dyr. |

Vi studerer dyra
vi fann i Lisjeelva. |
|
Her er ei
liste over dei dyra vi fann:
- Rundmakk (Vanleg)
- Taglmakk (Vanleg)
- Bille (Vanleg)
- Vasskalv (Sjeldan)
- Vasskjær (Sjeldan)
- Vassmidd (Vanleg)
- Vårflugelarve (Dominerande)
- Augestikkarlarve (Dominerande)
- Døgnfllugenymfe (Sjeldan)
- Virvellarve (Sjeldan)
|

Nokon av dyra som
vi fann i Lisjeelva. |
| Gruppemedlemmar:
Anna Elise, Bjørn Ove, Camilla og Mats. |
|
|