Miljølære
Lisjeelva
Smådyr h - 03
Registreringar h - 02
Regsitreringar h - 01
Smådyr h - 01
Vassføring h - 01
Historien til elva
Bruer
Kvernhusa
Fiske
Kart over elva
Kart over utløpet
Kloakksystemet

 

 
Registreringar hausten 2002
Rapport frå gruppe 1
Rapport frå gruppe 2
Rapport frå gruppe 3
Metode
Registreringar
5.september hadde 9.klasse spesialoppdrag i Lisjeelva. Dei skulle undersøke kva typer smådyr som levde i elva. Klassa vart delt i tre grupper, og kvar gruppe vart utstyrt med to dørslag, lupe, bøtte og oppslagsboka "Dyreliv i vann og vassdrag" samt fortalt kva område dei skulle leite i.

Elevane vart instruert i korleis dei skullefinne tak i desse smådyra. Alle gruppene fekk også i oppdrag å telje opp kreder i området dei fekk tildelt. Ein av grunnane til det var at ei lavvo-gruppe hadde observert daud yngel i fremste delen av Lisjeelva (i Pilsåkergrova). Det hadde lenge vore svært lite vatn i elva, slik at de enkelte stader var temmeleg stilleståande vatn, og ein kunne tru det var dårleg med oksygen i elva. 

Etter vel ein time i elva returnerte gruppene og var klar til arbeid på naturfagromet. No var tida komen til å leite grundig etter smådyr samt finne ut kva dei heitte. Ved hjelp av pipetter vart dyra flytta over i glasskåler, og ein studerte dei i tovegslupe, talde bein og ledd og leitte
etter kva dyret kunne heite. Her var ein bestemmingsduk til god hjelp, men
oppslagsbøkene var også gode å ha.

Gledeleg var det at alle gruppene hadde observert bra med kreder jf. rapportane. I ettertid ser ein at ingen hadde funne marflo, noko som to grupper fann i fjor. Vi vart einige i å finne ut Ph-en i elva for å sjå om det hadde vorte surare enn i fjor (marflo kan leve ned mot 5,5 i Ph). Marflo trivst i temperaturskiktet 0-14 grader C, og det er grunn til å tru at i den varmaste og mest nedbørsfattige perioden dette året var temperaturen over 14 grader. 

Torsdag 26.09 vart pH-verdien i elva sjekka.Temperaturen i elva er også teken.
På desse sidene kan du lese rapportar og sjå bilete frå leitinga i elva samt frå
jobbinga på naturfagromet.

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05