| Utstyrsliste:
Håv, bøtte, støvlar, forstørringsglass, bestemmelsekart, bok med
dei forskjellige dyra i, pipette, isboksar, glasskålar og luper.
Da skuleklokka ringte inn, fredag
den 28. September klokka 09.00, gjekk alle elevane inn på naturfag
rommet. Der vart vi inndelt i tre grupper. Kvar
gruppe fekk utdelt ein håv og ei bøtte kvar, pluss ein student. Vår
gruppe var så heldige å få Ingeborg som skulle observere det
vi gjorde, og ho var sååå glad i insekt.
Då alt var klart, gjekk vi til
kvart vårt område. Det område vi skulle undersøkje var ved "Dobbeltbrua."
|

Her
ser du dei tre kule elevane i aksjon |
| Vi
gjekk ned i elva. Knut Arne heldt håven ned i elvebotnen, medan
Marius ruska opp botnen framfor Knut Arne, slik at alle dyra skulle
komme ned i håven. Knut Arne heldt håven ca. 1.min på kvar plass
for å få med flest mogeleg insekt. Etter det tømde han insekta
ned i bøtta som Lisa hadde ansvar for.
For å vere heilt ærleg kunne
vi ikkje sjå så mange insekt då vi var ute i elva. Men då vi
kom tilbake til skulen, og skulle begynne å finne og sortere
dyra, viste det seg at vi hadde funne mange likevel. Vi var
faktisk den gruppa som fann flest sortar, heile elleve artar.
Det vi gjorde for å finne ut
kva dei forskjellege insekta heitte var å bruke ei lupe og eit
forstørringsglas. Slik såg vi dei betre, og det var enkelt å
finne fram på bestemmelsekartet. I tillegg hadde vi ei insekt
bok i bakhand.
|