Rapport frå gruppe 1 Tilbake
Utstyr: dørslag festa på eit kosteskaft (= ein håv), ei bøtte, lupe, pipette.

Kva gjorde vi?
Vi fekk tildelt eit område der vi skulle halde oss. I vårt område var det ein veldig gjørmete botn, vi fekk ein time i elva. Ein person stod og haldt "håven" ned i vatnet mens ein annan stod og rota i elvebotnen med føtene framfor håven slik at alle dyra i elvebotnen for inni "håven". Håven vart halden der i ca. eit min.

Her skal vi til å gå ut i elva.

Så helte han innhaldet ned i ei bøtte. Dette gjorde vi mange gangar oppover i elva på forskjellege plassar. Vatnet i bøtta vart etter kvart mest svart på grunn av gjørma. Lupa brukte vi nesten ikkje, berre når vi fann dyr som larver og biller som vi såg tydeleg. Då timen var over drog vi tilbake til skulen, på skulen fekk vi meir utstyr. 

Vi fekk: forstørringsglas, gjennomsiktige beger, glas skåler, isboks og pipettar. Vi tok og helte vatnet over i isboksa, så låg all gjørma att i bøtta. 

Vi hadde litt vatn eller gjørme ned i glas skålene og leitte etter dyr, om vi fann nokon tok vi dei opp med pipette (om dyret var lite nok). Sjølv om det var vanskeleg å leite etter dyr i gjørma dukka nye dyr stadig opp. Vi fann 11 forskjellege dyr på gruppa vår.

Studenten, Jannicke, var også med å leite etter dyr. Det var ho som førte opp namna på dyra på eit skjema.  

Dette fann vi i elva:

Vassmidd,
Døgnfluge,
Igle,
Taglmark, 
Stankelbein,
Vårfluge, 
Vårflugelarve, 
Vassløparkalv og 
Bille. 

Biller

Her leiter vi etter dyr i bøtter og spann
Vårflugelarve
Sida er laga av: Torbjørn, Marita, Lovise