For
lenge sida veitte bøndene i nedre Bondalen ei elv frå
Holeelva, slik at det vart nok vatn til m. a. kvernhusdrift
for nedre Holen, Årskog, Rise og Sæbø.
Denne
elva vart på Årskog kalla Kvennagrova. Rise og Sæbø
kalla elva Lisjeelva. Fleire
små bekkar sirla inn i Lisjeelva, av dei to noko større,
Videgrova og Bakkeelva (også kalla Pilsåkergrova).
Denne siste småbekken vart kanalisert etter bytet mellom
Prestegarden (Sæbø) og Rise og fekk der namnet Haggardselva.
|
Foto
av Årskogkvennhuset teke i 1946. |