Intervju med Jarle Walseth:                                         Tilbake
Når starta du å fiske? 
Eg var 7 år

Kva utstyr brukte du? 
Eg brukte rognetrode med fast taum og liten ongel.

Hadde du andre fangstmetoder? 
Vi lokka dei inn i blikkbokser, vi fanga dei med hendene, vi lyste etter 
dei og fanga dei med håv, og så brukte vi trastenotgarn.

Kor store var fiskane? 
Mest vanleg med 1-2 hg , men ein gong fekk eg ei på 9 hg Det var dagen da 
far sette innendørs rekord i spytting (både i lengd og omfang. 
Eg fekk kreda under Hovudvegbrua. Ho var svart og stygg, men mor 
trudde nok at ho var fiska i Storelva, så ho steikte kreda, men då far prøvde 
seg på henne, smakte ho tydeleg svært vondt, og han sette sin uslåelege 
innandørsrekord i spytting utan tilløp. Ved Hovudvegbrua var det fleire 
kloakkutløp. 

Kva brukte du kredene til? 
Eg brukte det til lineagn (ein gong fekk eg 4 kveite på 1-5 kg med 
moldkredeagn). Dessutan vart dei brukte som agn i røyskattfellene vi dreiv med 
kvar førvinter.

Når var det best å fiske? 
Når det var flaum, då kunne vi også få sjøkreder.

Veit du noke om elvemusling? 
Nei.