| Rapport
fiske og fangst før og no:
Våren - 99:
Heile noverande Lisjeelva frå fjøra til enden av Bakkegrova, vi
såg 14 fiskar.
Hausten 2000:
Vi talde 15 fiskar, med vi talde ikkje heile elva, vi talde berre
frå sjøen og opp til Dobbeltbrua.
Intervjuobjekt:
Iva Håndlykken f.1924 som fortel at bestefaren
fant perler, truleg i Lisjeelva
Anders
Holen f. 1924 som fortel om fisket i elva då han var ung.
Tore
M. Årskog f. 1925 som fortel om fisket i elva då han var
ung.
Jarle
Walseth f. 1947 som fortel om fisket i elva då han var ung.
Fangstar:
Oftast moldkrede 0,2 til 2 hg oftast 10-15 stk på ein tur i elva.
I vassfløde kunne ein få sjøkrede, før i tida kunde det hende
ein fekk pjakk, ål har ein også fått, vi har og fått rapport om
at det har vore elvemusling i elva, men det er for nærmare 140
år sidan.
Fangstmetodar:
Det mest brukte fiskeutstyret var rogne eller seljetroder på
2-3 meter det var festa sen og liten krok i toppen. Men metodar
som fangst med hendene, sekkar, boksar, demningar, line, lys
og hov, stikkereidskap og trastenot/sildegarn vart også brukt.
Bruk av fangsten:
Moldkrede var kattemat, men nokre steikt særleg før det kom
kloakk i elva. Etter den tid var det ikkje vanleg å steike kredene.
Kredene vart også brukt til lineagn. Små born laga demningar
og heldt dei fanga . Pjakk var førsteklasses kokefisk. Ålen
vart berre fiska for moro.
|