|
Når begynte du å fiske?
-
Eg begynte å fiske som 6-7 åring, det vil sei i 1928-29.
Kva utstyr brukte du?
-
Rognetrode med makk, men når vi vart eldre, brukte vi
å lyse etter kredene og pjakken.
Fekk du sjøørret eller pjakk
nokon gong?
-
Det var helder sjeldan, men vi fekk litt om hausten
fordi det var vassfløde.
Kor store var fangstane?
-
Når det var mykje vassføring, fekk vi opptil 10 stk.
Kva gjekk fisken til?
-
Moldkredene gjekk til kattemat, men pjakken gjekk til
kokefisk.
Kva veit du om elvemusling?
- Det har eg ikkje høyrt
gjete
Når var beste fiske tida?
-
Det var nok når det var mykje vassfløde.
Er det fisk i den øvste delen
av Lisje elva?
- Ja, vi
fekk fisk heilt oppå Holen, og dei fekk fisk heil oppå
Riisebakkane.
|