Bruer

Lisjeelva


Forbygging:
Elva vart forbygd i 1938-39 av Jetmund Standal i samarbeid med Amarius Lyshagen. Den er ca. ein meter høg og er veldig fint mura. Forbygginga går frå Gamlebrua til eit par meter ovanfor Campingbrua.

Jetmund Standal var den første som bygde huset sitt på sørsida av Lisjeelva. Han måtte difor bygge forbygginga for å hindre vatnet i å fløyme inn i huset. Men han greidde ikkje heilt å stoppe vatnet. Når det var flaum, kom det likevel vatn inn i kjellaren.

Ved sida av Vågenbrua vart det og mura ei murtrapp. Den trappa vart brukt til bl.a. å reinske fisk, hente vatn, vaske klede, skylje slakt og liknande.

Bruer:

Kart som viser plasseringa av bruene.

Gamlebrua: Gamlebrua er laga av sement. Sementbrua kviler på ei fint mura steinforbygging.Brua er breid, med ca. ½ meter høge kantar på sidene.Ho låg på "Gamlevegen".Brua blei bygd i 1940-åra.

Hovudvegbrua:
Brua er bygd under hovudvegen med sement, ho har glidekant på sidene.Ho er ca. 6 meter breid. Den blei laga i 1950- åra
Vågenbrua:
Ho er bygd av tynne trebjelkar.Brua er ca. 2 meter breid, og ca. 2 meter lang.Den blei bygd i 1930 åra av Jetmund Standal. Til høgre ser ein vasketrappa.
Andersbrua:
Den er bygd av sement.Den er ca. 4 meter breid og 4 meter lang.Den er bygd ca. 10 meter frå Vågenbrua.Den blei laga i 1971.
Stigebrua:
Den er laga av ein gamal stige som det er spikra plankar oppå.Den er 0,5 meter breid og 4 meter lang.Den ligg ca. 10 meter frå huset til familien Holen.Den vart sett opp i 1993.
Campingbrua:
4,5 meter lang og 2 meter breid.Gjerde på eine sida, ca. 1 meter høg.Brua er trebygd.Forbygginga av elva sluttar ved denne brua.På sydsida går forbygginga ca. 15 meter lenger fram.Den vart bygd i 1974.
Dobbeltbrua:
Dei to bruene er 6,5 meter breie til saman.Støypte brukantar.Den eine brua er ei jordbruksbru som er bygd under krigen. Den andre er bygd av Sæbø idrettslag, truleg i 1948.
Haggardskloppa:
Det går rør gjennom brua.Tidlegare gjekk hovudvegen over brua.

Ansvarleg for sidene: Johs. Halland