Tilbake

Farmor si jente

Det er fredag morgon. Det nærmar seg jul, faktisk er det berre åtte dagar att. Katja har endå ikkje kjøpt julegåve til farmor, den viktigaste personen i livet hennar etter at foreldra døydde i fjor haust. Ho planlegg å ta seg ein tur til kjøpesenteret så fort som mogeleg for å komme seg raskt heim og hjelpe farmor med å bake peparkaker.

Samstundes, i eit lite og nedslite hus lenger oppe i vegen, planlegg ein mann i tjueåra ei forferdeleg handling. Han skal bli grunnen til at Katja aldri skal kome heim att frå kjøpesenteret for å hjelpe farmor med peparkakebakinga.

Katja flyttar seg ut i gata. Ho har kledd seg godt, for det er iskaldt, og det snør. Men det plagar ikkje Katja, ho synest det er koseleg med kvit snø som dalar lett ned og legg seg som eit kvitt teppe i gatene. På nesten kvart gatehjørne står det ein rundleitt mann i julenissedrakt. Utstillingsvindauga er overfylte med julepynt og julelys, og frå kvar butikk kan ein høyre julesongar. Det er tydeleg at det snart er jul.

Det tek ikkje lang tid å gå til kjøpesenteret, snart er ho framme. Utstillingsvindauga på kjøpesenteret er juledekorerte med lys, kristtorn, julenissar i alle storleikar og fasongar, og raude hjarte er limte på vindauga frå innsida.

I det ho går inn døra til kjøpesenteret, noko ho neppe hadde gjort om ho visste kva som kom til å hende om ein times tid, tek drapsmannen hennar opp pistolen og legg den i ei av lommene sine. Så tek han ei finlandshette og legg den i den andre lomma. På veg ut døra grip han ein Adidas-bag. Døra smell att, og huset ligg der stille tilbake. Det einaste som kan høyrast, er fotsteg som forsvinn og etterlet seg ferske spor i snøen.

Inne i kjøpesenteret er det godt og varmt, og alle ser blide og glade ut. Det tek ikkje lang tid å finne ein fin presang til farmor. Den er svindyr, men den er verdt pengane. Det er ein nydeleg blå vase med ei handmåla rose på utsida.
Katja har god tid på seg. Klokka er berre halv tolv. Farmor har heilt sikkert ikkje begynt å bake enda, så ho tek seg ein tur innom kjolebutikken for å sjå på ein kjole som ho kan ha på skuleballet. Sjølv om ho ikkje har råd.

Samstundes er drapsmannen ikkje langt frå kjøpesenteret, men Katja går framleis på kjøpesenteret, lykkeleg uvitande om kva som skal skje. Faktisk er Katja overlykkeleg. Ho har funne den perfekte kjolen. Den er heilt fantastisk! Ein slik kjole som ho alltid har drøymt om. Ho vil så gjerne ha den, men ho har eigentleg ikkje råd. Likevel bestemmer ho seg for å gå til banken for å ta ut pengar så ho kan kjøpe kjolen, det er trass alt jul……
Banken ligg i nabobygget, og skjebnen skal ordne det slik at Katja aldri skal få kjøpe drøyme-kjolen sin, heller ikkje få gå på skuleballet.

For i same augneblinken som Katja kjem seg fram til minibanken, brasar dørene opp. I all støyen og uroen som oppstår då folk ser at der står ein mann med finlandshette og pistol, oppfattar ho at ranaren kommanderer alle til å leggje seg ned på golvet.
Til liks med alle andre er ikkje Katja sein med å leggje seg ned.
Ranaren slengjer Adidas-bagen til han som står ved skranken og ber han opne kvelven og ta ut pengane. Bankmannen gjer som han blir beden om, men idet han går forbi skranken, trykkjer han på knappen som utløyser alarmen hjå politiet.

"Kvifor gjorde du det?" brølar ranaren, heilt hysterisk. Bankmannen står som spikra fast til golvet, han forstår at han har gjort noko han ikkje burde. Ranaren rettar pistolen mot bankmannen og avfyrer eit skot. Det treffer bankmannen midt i brystet, og han fell om på golvet. Katja blir likbleik i fjeset, hendene hennar skjelv i likskap med beina. Ho har aldri vore så redd i heile sitt liv.
Ranaren går sjølv og tek pengar frå kvelven bak skranken. Han står med ryggen til der Katja og dei andre ligg så han kan ikkje sjå om nokon av dei røyver på seg. Han er svært oppteken med å få med seg mest mogeleg av pengane. Han dreg av seg finlandshetta. "Det gjer ingenting så lenge eg står med ryggen til," tenkjer han.

Omsider blir han ferdig. Ein god del av pengane er trygt plasserte i bagen han slengjer over skuldra. I den same augneblinken som han snur seg, hugsar han på at han ikkje har teke på seg finlandshetta. Men då er det for seint. Han ser rett inn i auga på ei 16 år gammal jente som ligg livredd på golvet. Dei auga har han då sett før, men i farten kjem han ikkje på kvar. Katja, derimot, veit kven det er ho har augekontakt med. Akkurat no ligg ho skjelven og ser rett opp i fjeset til den mannen som snart skal gjere slutt på hennar 16 år gamle liv. Ein mann som ho har sett utallige gonger før, som ho har helsa på kvar gong ho har møtt han, mannen som hjelpte farmora hennar over vegen då den første frosten kom i haust, mannen ho til og med var forelska i.

Ingen får med seg kva som hender, tida står stille. Stilla etter skotet er vanskeleg å forklare, alle ligg urørlege og mållause på golvet. Ranaren spring ut døra, og att ligg farmor si jente i ein blodpøl på golvet i eit banklokale, åtte dagar før julaftan.

-Annelinn-