|
Ein Vinterdag
Det er ein kald vinterdag
i desember og det nærmar seg jul. Det er glatt på
vegane og snøen lavar ned. Mor sit inne i stova medan
Peter og veslebroren hans, Ola, leikar seg inne. Dei bråkar
og herjar.
- Kan de ikkje ta
dykk ein tur ut og leike i snøen, slik at eg får
litt fred til å lese? seier Sigrid, mora til gutane.
- Nei, det er jo så kaldt ute, og det haglar og snøar!
seier eldsteguten Peter, med trass i stemma. Dei leikar
seg vidare.
I mellomtida sit
Johan, den lokale plogføraren, ved kjøkenbordet
saman med kona si Anna.
- No snøar
det tett, Johan. Du må nok ta laust med plogen.
- Ja, eg er redd for det. Det var då opplett ei stund,
men no har det begynt på att for fullt.
- Gå ut og leik dykk for ei stund! No har de bråka
så lenge
Mor hjelper Ola på
med lue, vottar og vinterdress. Peter er stor nok til å
klare det sjølv.
- Vent, Johan! ropar
Anna. - Skal du opp til Granvold å pløye?
- Ja, eg må vel ta turen dit òg.
- Ta med deg julegåvene til Ola og Peter, då.
Johan set seg i brøytebilen
og kjører oppover mot Granvold.
- Ta sparken opp
til Knausen og hent posten medan de er ute. Og post dette
brevet, det er innbyding til farmor. Eg og far håper
ho tek turen hit på julaftan.
Peter tek fram sparken,
Ola sit på. Dei skrattar og ler, snakkar om jula og
julepresangar.
- No er det berre
ei dryg veke att til julenissen kjem, Ola! Du gler deg,
veit eg?
Vesle Ola på fem år, legg ut om kva han ønskjer
seg og snakkar i veg.
Johan høyrer
på radioen. Han er snart framme ved Granvold.
I mellomtida er Peter og Ola på veg opp til Knausen
for å hente posten.
- Her er julegåver
frå Anna og meg, seier Johan i det Sigrid, mora til
gutane, opnar døra.
- Å, takk skal du ha. Kom inn på ein kaffikopp,
du frys vel ute, kan eg tenke meg.
- Takk, det skulle eg gjerne, men eg må nok kome meg
vidare. Det er mange vegar som må brøytast
i desse tider.
- Ja, du må vel det, men du og Anna må kome
ein tur i romjula på kaffi og kaker.
Dei tek farvel, og Johan køyrer oppover mot Knausen.
I det dei to på
sparken legg i veg nedover mot garden, set det i å
snøe, ei tett snøbye som gjer det vanskeleg
å sjå.
"Det var då svært kor det sette i å
snøe no", tenkjer Johan for seg sjølv
medan han brøytar oppover bakken.
- Køyr fortare,
Peter! Fortare!
Ola skrattar og ler. Han ser ikkje stort, verken han eller
Peter.
- Enda fortare!
Det blir dei siste
orda til den vesle guten. For i det dei køyrer nedover
i full fart, kjem Johan med plogen. Peter ser så vidt
brøytebilen. Han prøvar så godt han
kan å bremse, men han må ut i snøbaren
for å klare å stoppe. Peter styrtar dei ut mot
snøbarden. Peter fyk ut i grøfta medan Ola
flyg fram i plogen. Johan klarer ikkje å stoppe før
eit par sekund etterpå.
Peter hyler
og grin i det han ser blod på vegen. Mora har høyrt
levenet, og kjem opp i bakken. Det synet som møter
dei tre, er forferdeleg. Det kan ikkje seiast med ord.
Vesle Ola får dei aldri att.
Linda
|