Tilbake

Utan ein tanke

Året er1939. Det er ein vanleg dag i den jødiske gettoen i Warszawa. Johan og den åtte år gamle broren hans, Karl, har fått fri frå arbeidet. Dei ser lykkelege ut der dei spring og ler i gatene.

"Akk ja," mumlar ein gamal mann dei dultar borti i gata. "Den som kunne vere ung og fri på ein så vakker dag som denne." Mannen sit for seg sjølv på ein skrøpeleg stol av tre. Der sit han ei stund og ser lengtande etter dei to gutane, for så å legge hovudet bakover for å få seg ein liten høneblund.

"Kan ikkje vi ta oss ei lita pause no, Karl?" Sveitteperlene sildrar ifrå panna til Johan. Karl er minst like sliten. Hua hans er blitt våt av all sveitten. "Det er vel på kanskje på tide at vi tek turen heim att. Mor ventar sikkert med middagsmaten." Karl fekk vatn i munnen. "Håper at det er noko godt på menyen i dag."

Dei starta på vegen heim. Brått høyrde dei ein kvass lyd. Kva kunne det vere? Det var vel ikkje…det var vel ikkje eit…skot? Hjarta deira hoppa, og knea deira begynte å skjelve. Nei, no måtte dei skunde seg heim. Dei la på sprang.

Ein kunne høyre skrik og geværskot overalt. Tyske krigsrop fekk ein til å stivne. Hendene vart kalde og klamme. Redsla over å ikkje vite kva som skjedde og kvar ein kunne finne si eiga mor, gjorde det heile enda verre. Små born tviheldt på foreldra sine.

Johan og Karl sprang enno. Endeleg var dei komne til sin eigen bustad. Karl skulle akkurat til å gå inn, då ein tysk soldat greip han hardt i armen. "Opp med hendene og still deg ut i gata, gut!" Tyskaren hadde ein grøn hjelm på hovudet, og eit gevær i hendene. Det stive blikket til soldaten flytta seg raskt vidare til ei kvinne som prøvde å kome seg vekk.

Auga til Karl leitte febrilsk etter mor si. Johan kunne han heller ikkje finne. Han følte seg så åleine. Same kvar han såg var der tyske soldatar og forskremde andlet.

Det var då han fekk auge på henne. Ho stod omtrent 10 meter lengre framme. Ho var blå rundt eine auga, sannsynlegvis etter eit slag. To soldatar heldt henne godt fast. Den eine sparka henne ned i grusen. Karl hadde lyst å springe bort til mor si og gje henne ein god klem, men det var noko som heldt han tilbake. Han stod stiv som ein stokk og berre såg på det som skjedde. Den same inntrengande lyden som han hadde høyrt tidlegare på dagen fekk han no høyre igjen. Det var den eine soldaten som, utan ein tanke, retta våpenet mot mora til Johan og Karl.

Karl klarte ikkje å gjer noko. Bak seg kunne han høyre at Johan gret. Korleis skulle det gå med brødrene no? Far hadde dei ikkje hatt på lenge, han hadde forlatt dei for mange år sidan. No var mor også borte. Johan og Karl, femten og åtte år, og åleine i verda.

Marita Trandal, september 2002.