Tilbake

Det var heilt stille. Vi høyrde på radioen at tyskarane hadde invadert Poznan og var på veg til Warszawa. "Mor, kjem dei til og ta oss?"

"Eg veit ikkje Jersey, ikkje mas!" Mor virka irritert i stemma, ho sa ord som eg ikkje forsto og kjefta på han som dei kalla Hitler. Bror min, Shachkkvii, sat stille og såg sorgtung ut i ansiktet, medan mor starta og rydde saman ting som vi trengte nede i bomberommet. Pledd, lys og det siste vi hadde igjen av mat, samt ei antikk vekkjeklokke mor hadde arva av oldemor.

Mamma reiste seg sakte opp, såg på meg og sa: "Jersey, gå ut og leik no medan du enno kan. Ikkje ver lenge, kom inn om ein time, og høyrer du alarmen eller nokon som roper noko du ikkje forstår, kjem du inn att med ein gong.

Eg hadde på meg jakka og gjekk ut for å treffe Vhrìchny, han var på leikeplassen alt. Det var ikkje akkurat nokon leikeplass, for det var det ikkje i slike strøk som dette her, men vi kalla det for leikeplassen vår. Då eg kom bort til Vhrichny, såg han rart på meg og sa: "Har du høyrt det?" "Nei," svara eg. "Tyskarane har invadert Poznan og er på veg til Warszawa. Og veit du kven som bur i Warszawa? Vi! Kva kjem til å skje med oss?!" Vhrìchny var andpusten i stemma. "Wuueeeeuuu, wuueeeeuu!" Lyden av alarmen kvein i trommehinnene mine, og fort la eg på sprang heimover slik mor hadde formant meg.

Heime hadde dei andre allereie sett seg ned i bomberommet. Mamma stod i døra og sa: "Skund deg Jersey, fort deg!" Eg sprang alt eg greidde ned i bomberomet og setet meg knyststille ned, mamma lata igjen luka over oss, og det vart heilt stilt.

Ein time og trettito minutt seinare kom nokre menneske inn døra i øvste etasje og sa på tysk: "Er det nokon her? Kom fram!" Vi var stille som mus. Men diverre, akkurat då skulle eg berre lene meg over for å skifte stilling på beina mine, og av alt mellom himmel og jord, kom dei bort i den antikke vekkjeklokka til mor. "Riiiing!!" Mamma gjorde alt for å slå av den forferdelege ringelyden, men før vi visste ordet av det, banka tyskarane inn luka. Dei reiv tak i oss, drog oss ut av huset og slengde oss ned i grusen saman med hundrevis av andre jødar. Vi reiste oss opp og sto i ei lang rekke med hendene heva over hovudet. Og vart straks seinare beordra til å bevege oss.

 

No er eg , mamma og Shachkkvii i fangeleiren Auswitz. Tanken på at eg reiv ned vekkjeklokka er uoverkomeleg. Hadde eg ikkje røyrt på meg akkurat då, hadde eg kanskje ikkje vore her. Takka vere at eg ikkje greidde å sitje stille med beina, oppdaga soldatane oss. På grunn av meg! Sit vi her. Alt var min feil.

Marius