Tilbake

Marcus dagbok.

6. oktober 1939.
Kjære dagbok.

Dette har vore ein frykteleg dag. Vi, Jacob og eg, har sete i ein lastebil i heile dag saman med 30-40 andre jødar. Baken er sår og eg er utruleg svolten, har ikkje ete på 10 timar.

Alt starta i går tidleg då tyske soldatar gjekk til åtak på gettoen. Vi vart rivne ut av sengene, tante Anne vart heilt hysterisk og snakka om nazistane og fryktelege dødsdommar. Onkel Otto greidde å roe ho ned såpass att ho greidde å smøre eit par skiver til oss. Ho har den vanen å lage niste til oss uansett kvar vi skal. Denne gongen smurde ho ekstra tjukke skiver, då vart eg ganske uroleg, ettersom hennar brødskiver brukar å vere ganske så tynne på grunn av mat- mangelen.

Tre soldatar storma inn og reiv oss ut av leilegheita, dei dytta oss nesten ned trappene. Der ute møtte vi mange andre. Alle var på veg ut den store porten som førte ut av gettoen. Soldatane pressa på, panikk kunne lett oppstå, men draumen om å overleve gjorde at alle oppførte seg bra, eller bra nok.

Eg heldt fast i handa til Jacob, men eg måtte til slutt gi opp. Presset frå dei andre var for stort. Alle dei redde vaksne, dei gråtande ungane, vennane mine, alle hadde forskjellige meiningar om kva som skulle skje med oss. Arbeidsleir, dødsstraffer, henging, tortur. Eg vart utruleg redd etter kvart. Eg høyrde tyskarane rope "dumme svin" til oss.

Plutseleg fekk eg berre nok. Eg pressa meg fram igjennom den tronge folkemengda. Eg kunne ikkje forstå kva som kunne vere så gale med dei, trudde ikkje at soldatane verkeleg kunne kome til å skyte. Men så feil kunne eg ta.

Då eg hadde kome meg ut av "flokken" såg eg soldatane, og dei såg meg. Ein av soldatane retta geværet sitt mot meg. Eg såg inn i auga hans, vi fekk ei slags kontakt, augene hans lyste av hat.

Eg kan ikkje forstå kvifor det er slik, kvifor kan dei ikkje la oss vere i fred? La oss leve som alle andre, og ikkje stue oss saman i ein trong og overfylt landsby, utan tilgang på ordentleg mat. Eg kan ikkje forstå dei.

Eg sakka ned farta og løfta hendene i veret for å vise at eg er ufarleg, berre ein liten gut. Eg veit at eg ikkje kan forandre dei, men unngå å bli skoten, det kan eg.

Framfor meg såg eg store lastebilar. Soldaten nikka mot bilen, eg forstod det slik at vi skulle gå inn i lasterommet. Vi satt tett og trongt. Det var stor fare for at dei som sat lengst mot utgangen kunne dette ut, for det var berre sikra med ei dårleg spikra grind. Vi sat vel der i to timar før dei starta å køyre.

Det vart mørkt og lyst att før vi var framme. Det var kaldt og vi måtte ut av lastebilen. Sjølv om det var godt å kome seg ut og stå oppreist, så var det også mykje kaldare. Det var rim på bakken og frostrøyk i lufta.

Vi vart fortalde at vi var komne til fangeleiren Ravensbrük. Der skulle alle barn og kvinner gå av. Jacob vart ikkje rekna som eit barn ettersom han er 13 år. Eg fylgde med tante Anna. Noko farvel vart det ikkje tid til, Jacob og dei andre vaksne gutane og dei vaksne mannfolka for vidare til ein annan fangeleir.

Heile dagen gjekk med til å stå i kø og fryse, vi måtte bli registrert, og deretter blei vi sett i karantene. Vi skal snart få sove har eg høyrt, eg veit ikkje kvar, men det skal bli godt.

25. oktober 1939.
Kjære dagbok.

No er karantenetida over. Det har den vore i eit par dagar, men eg har ikkje hat tid til å skrive før no. Dei vaksne damene må kvar morgon tidleg opp for å arbeide. Vi små har ingenting anna å gjere enn å tigge etter mat, og då må vi vere veldig forsiktige. Vi er ikkje så veldig velkomne her, det einaste vi gjer er å ete det lisje vi har av mat og leike, som om vi er i humør til å leike.

Eg har møtt ein ny venn, Petja. Foreldra hans er russiske, men han snakkar mitt språk også. Han er ein av dei beste til å tigge, han ser på kvinnene med dei store auga sine og ber fint. Han veit akkurat kven han skal gå til, og ofte kjem han tilbake med ein skalk som han delar frivillig med oss andre. Det er ikkje mykje vi får, men kvar smule er som eit brød. Det er kanskje å overdrive, men det er så godt.

Tante Anna er så snill, ho delar maten med meg, og det er plass til meg i senga hennar, som ho også delar med venninna si, Miriam. Det er ikkje noko problem, det er berre varmare.

10. desember 1939.
Kjære dagbok.

Eg er litt bekymra for tante Anna, ho har vorte så tynn i det siste. Auga er så rare, ho er trist trur eg. Ho saknar onkel Otto, eg forstår ho godt. Eg saknar Jacob like mykje. Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på han. Bestevenen min og broren min, han som alltid kan fortelje meg om mor når eg er trist. Eg blir så glad av å vere sonen hennar. Ho og pappa døydde då eg var berre fire og Jacob var ni. Og alt han fortel er som om det kjem i frå eit eventyr. Ho verkar så snill og god då ho ofra livet sitt for oss. Tante seier at Jacob berre fant på ting for å gjere meg glad, og at ho eigentleg døydde av ein lungesjukdom. Jacob er den einaste av meg og han som hugsar henne. Om eg seier at eg hugsar henne, så blir tante sur. Ho meinar at det er ønskjetenking. Eg veit ikkje kva eg skal tru lenger.

24. desember 1939
Kjære dagbok.

Eg veit at eg blir berre tynnare og tynnare, men kva skal eg gjere med det? Tigge meir? Nazistane misslikar at vi er her, og dei likar å sparke oss, gjerne i rumpa. Trur eigentleg ikkje det at eg har rumpe lenger. Eg er alltid kald og fryser, det gjer litt vondt å sitje, og eg er alltid svolten.

No er det jul, dei kristne feirar og blir behandla betre. I dag gav ei av dei kristne jentene meg ein liten skalk og sa god jul. Eg vart så glad og lykkeleg at eg heldt på å sprekke. Men då gjorde eg noko dumt, eg åt alt sjølv. Eg var ikkje like snill som Petja som alltid delar, eg kjenner meg som ein tjuv, ein tjuv som sikkert gjerne gjer det igjen, for det var så godt.

Men kva skal eg velje? Venskapet blant oss unge, eller kjensla av å vere mett og glad. For når eg er mett tenkjer eg at eg kan klare alt, at eg kan overleve dette. Men samstundes skuldig, som ein bedragar.

Eg vil så gjerne overleve, møte Jacob og onkel Otto og alle dei andre venane mine som for til "herreleiren".

No må eg sove, tante kjem snart tilbake frå arbeid. Då må eg vere der for ho, muntre ho opp, skjule at eg er redd.

Lovise, september 2002.