Tilbake

Bokmelding


Boka heiter: Dag etter dag etter dag, og den som har skrive boka heiter Kjell Åsen.

Forlaget som har gitt ut boka heiter Norsk Barneblad. Boka er ikkje så stor. Ho er på 123 sider, og det meiner eg er passeleg storleik på ei bok.

Boka har god skrift og den er lett å lese, storleiken på skrifta er passeleg.
Det er tjukt papir i boka, det er enkelt å blade i henne. Bileta i boka er i svart og kvitt så dei er ikkje så fine. Framsida freistar meg ikkje så mykje, det er bilete av ein gut i ein rullestol og ein gut som står attmed han. Tittelen freistar meg heller ikkje så mykje, den høyrer rar ut og dum ut. Boka høyrer ikkje til nokon serie. Bakteksta freistar meg litt, og eg fekk lyst til å lese boka.

Boka handlar om ein gut som heiter Terje og systera som heiter Vesle-Kari. Det er slik at Terje står opp og går inn på kjøkenet og snakkar med mora. Seinare byr det på meir eventyr. Han møter ein som heiter Knut, og det skal handle om han og han Knut. Han Knut møter ein som heiter Lårhalsen. Dei dreiv og sende papirfly til kvarandre, og i dei står det lover som dei må halde. Her er eit døme: "ikkje snakk med mat i munnen". Det var ei lov.
Så var det mora til Terje. Ho var på sjukehuset med far til Terje. Det var der på sjukehuset han Terje møtte han Knut i rullestolen. Han Knut hadde ein kassettspelar, så han spela inn det folk sa. Sveinung eigde ein bensinstasjon attmed der han Terje, og familie budde. Han har mange kundar, slike som han Stor-Olav, han kjører bensin for Sveinung.

Boka var ikkje så veldig spanande. Eg syntest at boka handla om mange ting.
Ho svara ikkje til forventningane ,eg synes den var dårlegare en eg trudde.
Bileta passa godt til det som så stod i boka.
Eg synest at boka var godt skriven, men somme ting var vanskeleg å forstå.
Aldersgruppa som denne boka passar for, kan vere på 8 til 13 år.


Sigve Standal