|
Bokmelding av "I et speil, i en gåte" Boka
heiter "I et speil, i en gåte" og er skriven av Jostein
Gaarder. Boka er på 152 sider og er 21 cm lang og 13 cm brei. Ho
var bra, men kunne vore litt meir spennande. Ho svara til forventningane,
eg hadde høyrt at ho var god. Cecilie er
ei lita jente som lurer på alt i himmelen og korleis englane lever. Litt om boka:
Cecilie er sjuk, og det på sjølve JULAFTA! Ho ligg og høyrer
på alle lydane og lukter på alle luktene. Etter ei stund kjem
ein og ein opp og besøker Cecilie. Når dei har gått, ser ho ut vindauget, det snør, så sovnar ho. Brått høyrer ho ei stemme: "har du sove godt?" Ho ser ut i rommet, ingen. Ho skal til å leggje seg til å sove igjen, så spør nokon igjen: "har du sove godt? "Ho kikkar forskrekka rundt i rommet og der i vindaugsposten sit nokon. Det kan ikkje vere Lasse, for han får ikkje plass der. Ho blir redd, men det ser ut som han/ho ser det for då seier han/ho: "ikkje ver redd, eg er ikkje farleg!" Ho ligg og funderer på om det er jente eller gut, ho bestemmer seg for at det er ein gut! Ho veit ikkje kvifor det kunne ha vore ei jente. "Kven er du?" spurde Cecilie, "Ariel!" sa han og hoppa ned på pulten det såg ikkje ut som han landa! Sånn byrjar boka "I et speil, i en gåte" og sånn byrjar eit evig vennskap!!!! Kathrine
Sæbønes |