|
BOKMELDING FOR BOKA: HØGARE ENN HIMMELEN! Boka er skriven av: Klaus Hagerup. Ho vart skriven i 1989 og forlaget som har gitt ut boka er Aschehoug. Boka er på 172 sider. Boka handlar om ei jente og ei dame og begge er like frekke og "positive". Frøken Kjær har eit gamalt hus eit par kilometer vekk frå der ho bur. Frøken Kjær og Mari for dit ein gong, der får Mari ei overrasking! Mari blir sjuk og ho ser ikkje noko til Frøken Kjær på tre dagar. Då Mari er frisk går ho bort til Frøken Kjær for å besøke ho, men ho er vekk!!!! Mari leitar og leitar ho spør til og med politiet om dei kan leite etter ho. Etter kvart forstår Mari at Frøken Kjær har flytta til det gamle huset. Med ein gong spring ho ut til det gamle huset. Vil du vite kva som skjer vidare får du lese sjølv. Boka
var både: kjedeleg, kjekk, spennande, trist og god. Kjedeleg på
grunn av oppattaking, god på grunn av spenninga, kjekk på
grunn av dei rare folka, trist på grunn av kjærleik. Der
var ingen illustrasjonar i boka. Der var ei teikning på framsida,
der var ei øy og ein båt i midten og så var der mange
forskjellige ting rundt om. Illustrasjonen passa til boka. I boka var
det somme skrivefeil, men elles var boka bra skriven.Er du imellom 10-14
år bør du lese denne boka!!!! Bokmelding av: Ida-Line Åmås! |