|
|
|
| Godbitar frå skuleåret 2001/2002 |
Lyrikkverkstad i Sæbøfjøra.
(9.klasse)
Då sola skein og temperaturen
steig, pakka vi lyriske verkemiddel, penn og papir i skulesekken.
Med fjorden og fjella som kulisse i strålande sommarver, blei
desse dikta til…. |
Konfirmasjonsmiddag på skulekjøkenet.
For å bu seg til den store
konfirmasjonsfesten, hadde 9.klasse eit emneopplegg om konfirmasjonstid,
skikk og bruk ved festbordet og ikkje minst talene. Konfirmasjonsmiddagen
blei gjennomført som eit rollespel med konfirmant, foreldre,
fadrar, vener og familie. Her kan du sjå bilete og lese nokre
av festtalene: |
Å skrive essay. (9.klasse)
Å skrive om nye og gamle heltar var ei tekstoppgåve 9.klasse
arbeidde med i vinter. Tankesprang, refleksjon og filosofering
omkring dette emnet skulle ende opp i eit essay. Les
om Marita sine heltar…. |
Historia til
ein gjenstand. (8.klasse)
Å skrive historia til ein gjenstand kan by på mange overraskingar.
Her kan du lese Monika sin tekst om ei
lita og fin dameklokke. |
Å skrive forteljing.
Tidleg i skuleåret hadde 8. og 9.klasse forfattarskule der dei
skulle øve seg i å bruke "forfattarknep" frå forteljing/novellesjangeren.
Vi arbeidde med ulike måtar å innleie på, handlingsrekkjefølgja
i teksten, vendepunkt/høgdepunkt, ytre og indre personkarakteristikk
og miljøskildring. Her kan du sjå korleis det gjekk… |
|
9.klasse på eventyrvandring
med 1.klasse.
9.klasse fekk i oppgåve å skrive lokale segner og eventyr
for dei yngste elevane på skulen. På ei eventyrvandring
langs Bondalselva fekk 1.klasse m.a. høyre om
Trollet som vaska ungen sin.
Ansvarleg
for godbitsidene er Marthe
Ruud.
|
|