Godbitar                                                                                    Tilbake
Godbitar frå elevtekstar om skule og skuleliv, 9.klasse sept.2000:

*Oppveksten til Okker var ikkje god. Mora døydde då Okker var sju, og faren hadde store alkoholproblem. Det var kanskje difor at Okker var som han var. Okker var ein pøbel til å slåst, og han var stadig i kaule med elevar på skulen. Det var nok den eleven som kjende rektor sitt kontor best.

*Inne på klasserommet til 9.klasse hadde skulens Napoleon, Jon T. begynt å planleggje eit attentat.

*Kyle sit på plassen sin og leikar med fyrstikkar.

*Okker var foreldrelaus og utan slekt. Han budde åleine i ei lita hytte. Korleis han forsørga seg visste ingen, og kvifor han i det heile kom på skulen var eit stort mysterium.

*Nei, på Svinåsen går det berre håplause taparar, og taparar vil dei halde fram med å vere heilt til den dagen dei sjølv innser at det ikkje er så morosamt å vere tapar likevel.

*Okker kjende det banka litt ekstra i hjartet. Tove + Okker. Det høyrdest ganske flott ut….

*Det var nesten ingen som torde seie imot Okker. Viss Okker sa "drit", så dreit ein, og viss han sa det var tysdag, så var det tysdag.

*Alle satt spente og venta på at Kai-Vegard skulle kome inn døra. Men så kom ein tynn, liten gut til syne… No var alt håp ute, og alle sukka tungt.

*Då han gjekk i barneskulen, gjekk han under namnet "Mini-Ole" og blei sjølv dengd opp kvar dag. Men sommaren før ungdomsskulen begynte alt å forandre seg. Okker skaut i veret og ville take hemn.

*Dei fillete bumsane som sannsynlegvis var narkomane, vart kasta inn i ein blankpolert politibil. Viftereima kvein då den eine politimannen gav gass og køyrde med fullt blålys. Bilen sto på to hjul då den runda hjørnet ved Hussein sin kjøtbutikk og vart borte… 

*Okkers tankar går i surr inne i hovudet hans. Men han kan ikkje motstå Lise……

*Okker hadde illraudt hår nett som eit varsellys!

*Ein dag byrja det ein ny elev på skulen. Det var ein liten skinnmager spirrevipp ved namn Jørgen Rosenkrans. Han hadde briller, kvitskjorte med sløyfe og svarte lakksko som blenkte kvar gong sola reflekterte i dei.

*Skulen vår var, er og vil alltid vere eit levande helvete. Når eg kjem på skulen blir eg slått, sparka, kasta stein på og spytta på. Ved slutten av dagen renn blod i store elver og meg og innvollane mine er heilt maltrakterte.

*Det var første gong eg hadde sett Okker redd. Ansiktet hans var heilt kvitt, og det vanlegvis stive håret hang slapt ned i panna. 

*Han slutta med narkotika og var ikkje lenger bølle på skulen. For no hadde han forstått det var gale alt det stygge han hadde gjort tidlegare.

*Okker hadde funne sin overmann.

*Ho nølte litt…., for ho visste at han var ein dritsekk mot alle som var mindre enn han. Men ho greidde ikkje å seie nei til dei snille augene han hadde no.

*Hundretusenvis av tankar raste gjennom hovudet til Okker då han gjekk bortover den grå og triste gangen. Han ensa ikkje eingong plakaten av ei pornostjerne til høgre for seg på den store oppslagstavla.

*Eg saknar den gamle Roger, min aller beste ven. Først no har eg oppfatta kor dumt det er med narkotika.