|
Kring
skulen har vi forskjellige baner og leikestativ som skal
underhalde oss i friminutta… Dei underheld kanskje dei
yngste elevane og dei gutane som elskar å spele
fotball.Vi andre sit i dei tomme gangane og ser uti
lufta. Det er som regel ganske stille i gangane, men av
og til er det kvasse jentestemmer som ler og hyler, så
blir det stille igjen.
Til
skuleklokka ringjer. Når den ringjer blir det fort
kaos, kaos om å kome seg inn på dei rette klasseromma.
Vi høyrer lærarane prate med kvarandre når dei kjem
opp trappa. Så går dei alle til kvar sitt klasserom.
Dei skal prate om ting dei sikkert har fortalt andre
elevar 100 gonger før. Tru om dei likar jobben sin?
Så kjem
dei inn. Alle røyser seg, utan om å ha fått beskjed
om det. Vi må helse på lærarane…Som om dei er så
mykje betre enn oss andre? Vi tar opp norskbøkene og
startar å skrive. Lærarane går rundt og ser etter
kven som har gjort leksene sine.
5 minutt
igjen…Eg ser rundt meg, på alle dei andre elevane som
sit med nasen i bøkene sine.Kva tenkjer dei på? Kva
ska dei gjer i helga? Spørsmåla svirra rundt i hovudet
mitt.
- No kan
de pakke saman! Stemma til læraren min får meg til å
tenkje på noko heilt anna. Det er helg. Eg og alle
vennane mine får gjere det vi har lyst til!
Laila
Melle.
|