Tilbake

FAKTA:

Forfattar: Tor Torkildsen
Ugjeven: 2000
Forlag: Cappelen
Omslag: Arild Sæter
Sider: 198
Tid: 3.person
Stad: Bali

Dei andre bøkene i serien, Lisa og Nils i farlege farvatn:

  1. Gullskatten på revet
  2. Flukten på floden
  3. Diamanter i lasten

Boka er veldig spennande:
"Angrepet hadde kommet uten varsel- småbåtene gled inn fra mørket, en på hver side, og sjørøverne hoppet om bord."

INNHALD:
Lisa og Nils har ilag med foreldra lagt ut på ein seilas i det indonesiske farvatnet.

Klokka er tre på ettermiddagen då Lisa og Nils oppdagar tre prahuer(båtar) som fylgjer etter dei. Dei seier ifrå til foreldra, og mora prøver å få kontakt med andre skip i nærleiken. Då ho ikkje får kontakt med nokon, må ho gå over til å sende MAYDAY.

Langt om lenge får ho tak i eit skip, THISTLE BAY. Dei sa dei skulle kome så fort dei kunne, men dei kom aldri.

Prahuane kom nærmare og nærmare. Sjørøvarane hoppa om bord, og Lisa, Nils og foreldra kunne ingenting gjere. Til slutt vart det for mykje for faren. Han vart så sint at han dengde til ein av sjørøvarane. Sjørøvaren stakk faren i armen, og han vart hardt skada.

Så gjorde dei laus ein av livredningsbåtane og hadde den på sjøen. Deretter drog sjørøvarane med Sarina, båten til Lisa, Nils og foreldra. Og der sat familien igjen med berre livredningsbåten å berge seg med.

Dei seila på sjøen i mange dagar og prøvde å kome seg inn igjen til Bali. Ein dag såg dei eit skip. Dei vinka og ropte, så fekk dei kome om bord, og endeleg var dei redda. Det neste Lisa hugsa, var at ho vakna på eit sjukehus. Det var på Bali. Faren, mora og Nils var der også. Faren låg på ei annan avdeling og var hardt skada. Det var ikkje sikkert han overlevde.

No finn også familien Rambøl (nokre vener av familien), ut at dei ligg på sjukehus. Dei kjem til sjukehuset så fort dei kan og får høyre heile historia. Dei synest det er forferdeleg. Og Sarina, den kjære båten deira, som ikkje er forsikra heller. Etter nokre dagar blir Lisa, Nils og mora utskrivne. Dei får bo med familien Rambøl til faren blir friskmeld, og det kan bli nokre veker til.

Nokre veker seinare blir Nils vekk. Familen leitar og leitar. Nokre vener av Kalle (sonen til Rambøl) set i gang leiteaksjon. Ein dag får dei vite at ein som står i butikk nede på kaia veit kvar Nils er. Men han seier det ikkje utan betaling Det får han. Nils hadde gøymt seg i ein båt. Mannfolka som eigde båten drog avgarde med stakkars Nils på slep.

Etter nokre timar kom dei fram til ein sump, der kjende Nils seg att. Familien hans hadde vore der før dei kom inn til Bali. Nedi sumpen var det krokodiller og slangar. Nils prøvde å rømme mange gongar, men viss han hadde gjort det, hadde mannfolka sett han. Så han kunne ikkje kome ifrå.

Dagen etter høyrde han kjende stemmer. Det er Lisa og Rambøl som er her, tenkte han overlykkeleg. Korleis har dei kome seg hit? undra han seg.

Han ropte på dei…

MI MEINING OM BOKA:
Eg synest det var ei god bok.

Ho er berekna for ungdommar. Men kvifor har forfattaren brukt så vanskelege ord? Boka passar eigentleg like godt for vaksne. Ho passar ekstra godt for båt -interesserte.

Boka er veldig spennande. Det skjer noko spennande heile tida, så eg klarer ikkje å leggje ho ifrå meg.

Boka er lett å lese, men ho var ganske lang. Boka viser at forfattaren har mykje kunnskap om det han skriv om. Men boka var eigentleg ikkje min stil, eg bruker å lese heilt andre bøker.

Eg anbefaler boka for båtekspertar!

Lisa
nov. 2000