|
Eg
har skrive ei bokmelding om ei bok som heiter
Fisken. Boka er skriven på bokmål og er på 131
sider. Det er ikkje ei bildebok og skrifta er
passe stor. Boka er ikkje stor, den er ei lita bok
i høgd og bredd og er lett å lese. Den er
skriven av Arne Berggren, og er utgitt av
Aschehoug Forlag i 1997.
Eg har berre lese
ei Arne Berggren bok før, den heitte
"Frøken brenner." Det
var ei god bok, men ikkje så bra som denne boka;
Fisken. Fisken handlar om ein gut som heiter Aldo
Monrad og går i 10.klasse.
Kvar i Noreg han
bur, eller går på skule, står der ingenting om.
Men på slutten av boka står der: "Nå er vi
høyt oppe, snart hjemme, jeg ser byen der borte,
sivilisasjon. Oslo." Eg
trur difor at det er i Oslo handlinga føregår.
No skal eg
skrive litt om handlinga.
Aldo Monrad er ein rar person. Han gjer på ein
måte rare ting, som å besøke prostituerte og vade
i lillebrors basseng med vade -støvlettar, men
eigentleg var vadinga farens ide. Det var liksom
meint som trening til vading i elv. Du forstår,
fars planar for haustferien var nemlig flugefiske
i Sverige.
Ein tur der berre
tre fekk plass. Ein ekte gutetur, aleine i
øydemarka, eller som far til Aldo sa: "Ein
ekte gutetur, berre eg, du og onkel Affe aleine i
kampen mot fisken der ute i øydemarka i
Sverige." Men det var ikkje det Aldo hadde
lyst til å foreta seg i haustferien. Nei, han
hadde berre lyst til å få ei dame på lakenet,
leve seg inn i dei villaste draumar, men Aldo var
ikkje verdsmeister i å skaffe seg ei dame på
lakenet, tvert i mot.
Han prøvde seg
ein gong på ei niandeklasse jente som heite
Andrine, men det han gjorde feil etter mi meining
var å kome med kommentaren: "Det er lett å
lage ungar."Etter det vart ikkje Aldo vidare
populær blant dei andre på skulen. Ikkje det at
han var det før heller, men no var det verre.
Om Aldo vert med
faren, eller om han kjem i konflikt med faren om
å få vere igjen, eller han stikk av, det får du
vite om du les boka "Fisken" av Arne
Berggren.
Mi
meining om boka: Eg likte boka godt. Det er nok
den beste boka eg nokon gong har lest. Det er ei
bok med grov humor og sprø realitet. Språket i
boka er litt perverst, så til dokke
overbeskyttande foreldre: Ikkje kjøp boka! Det er
ei bok som passar for akkurat meg, og eg vil
anbefale boka for gutar i alderen 10-14 år. Det
er ikkje ei bok for jenter. Dei vil nok berre
synest at det blir for barnsleg.
Marius
Riise
|